Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
KN UDA HEI BREV
215
paa Jæren. Me undrast. Jennbane; kva tru det var.
Eg hadde lesi um Jennbane i Bladi. „Jernbanen gik,"
stod der. Eg hadde gruna mykje paa kva ein
„Jernbane som gik" var. Her paa Jæren hadde me
Aur-Banar. Men dei gjekk nok ikkje. Det skulde vera
snodigt aa sjaa ein Bane som „gik".
Millom deim som arbeidde for Jønnvegen høyrde me
serskilt Amtmannen nemnd, Morgenstierne. Det
vart Uppteljingsstadir baade her og der; og dei tok
upp Tal yvi Ferdsle og Førsle og altslag. Og Folk
rødde og Bladi skreiv. Han skulde verte so gagnleg,
denne Vegen. Men Jærbuen smaalo. Skulde ein
Jønn-veg hava noko her aa gjera? Me hadde kje meir te
føra her enn at Øygjene og Baadane greidde det svært
godt. Nei; det var nok Sjøen som kom til aa leggja
Jennbane paa Jæren, um so var. Dei var so rædde
Sjøen, Storkarane. Dei fekk sjøvondt um her var
aldri so stilt. Og sjøvondt i tie Timar, det leitte paa
ein By-stakkar det. Og helst paa Kvinnfolki. No
raadde Bykvendi Bymennane; men Bymennane og
Embættsmennane raadde Bonden. Og so kunde det
vel hende me fekk Bane likevel, um det aldri so
mykje var te kasta Pengane paa Mittingjo. Men so
fekk denne Bana heite Sjøvondt-Bana au, daa.
Sjøvondtbana kom. Og ho hev enno sine tydelege
Sjøvondt-Merke. Kvar Dag stend Middags-Ferdi i
Eikersund og Stavanger og biar paa Baaten i upp-til
halvannan Time, um det skulde vera
Sjøvondt-Krus-lingar der som heiler vilde taka Landvegen. Det er
utrulegt at ein Ståt kann hava so mykje Hjartelag.
Det vart elles Hjelp i Jønnvegen til andre Ting
med. Soleis ol han upp heile Smaa-„Byar" paa
Jønn-vegs-Gardane, serleg paa Bryne („Time") og Nærbø;
med deim kom det ikkje minst Landhandel.
A urbane: Grus-tak. — sjøvondt: sjøsyg. — Mitting:
Myk-Dunge. — (JønnveIs")Fer d : ZuS (»Tog")- —
(JønnveSs)-G ar dar: „Stasjonar".
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>