Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
216
KNUDAHEIBREV
Og smaatt um Senn hev Bana löti hjelpt fram
Gagnsarbeid med. Soleis litegrand Verksdrift, som
Ullvareverke paa Bryne. Og sjølve Bonden hev lært
aa gjera seg Gagn av Sjøvondtbana. Ei Mjølkedrift er
i Uppgang som Jønnvegen hev Æra for. Paa andre
Maatar vert han au til Hjelp for Jordbruke. Vel er
norske Jønnvegar fine. Og her vert det mill. a. Tale
um Myk-Køyring; for til Jordbruk vil der Hævd. Men
fine Mundurar og Myk høver lite ihop, veit du.
Likevel lagar det seg. Bondin fær leige Vognir til
Hævd-køyring naar han sjølv lesser paa og av, fortel dei meg.
Me norske hev vel elles ikkje rett lært aa drive
jønnvegar enno. D’er berre „Hovudbana" som gjev
noko av seg som er nemnande. Sjølve
Drammens-bana drvp det inkje Feitt av, med all Ferdsla der, og
med all den „billege" Smalsporingi. Eg gløymer ikkje
kor arg han var, den eine av dei amerikanske Brørane
mine, Bankmannen, daa han var heime her eit Aar og
køyrde paa Jønnvegane vaare; han undrast svært paa
Stelle der. Stätions var det i kvar Bygd, um so
Bygdi ikkje var stort større enn Stätion’en; og paa
Tramen ved kvar Jønnvegsgard stod det tri til fire
staselege mundurklædde Karar i Vegen for kvarandre,
so ingin av deim fekk gjort noko. I Amerika hadde
ein Mann greidt heile den vesle Expcdition tri Gongir
so fort, so Tramivay’en hadde vori ferdug fyrr han her
fekk stana skikkeleg. Eg trøysta Bror min med at
Riksdrift alltid vert dyrare enn Einskild-Drift; men
han høyrde kje paa dette. Me var i det heile svært
raadlause her til Lands, totte han. Eg meinte at me
her som elles fekk trøyste oss med Framtidsvonir.
Det vert Mjølkedrifti som kjem til aa arbeide seg
fyrst fram her, eller „Meieribedriften" paa
Agronom-norskt.
Her i Thimesokni hev me alt tvo Mjølkebruk. Eit
stort paa Bryne som att-aat driv Ysting og i det heile
löti: av ljota (vera nøydd til).
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>