Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
KN UDA HEI BREV
217
hev arbeidt seg godt fram, og so eit mindre her paa
Stora-Undheim. Dette siste er serskilt til Hjelp for
Fjell-Gardane, og so paa sin Maate for Mannen i
Knudaheio.
Og köss det er og ikkje er: Inntektine for Jør.nvegen
stig. Det hev vori her som det visst jamt er paa desse
norske Smalspor-Vegane: dei vert bygde so at me lyt
halde paa i lange Tidir med aa „reparere" deim, d. v. s.
byggje deim upp att; og so gjekk mykje av Inntekti
til det. Men her er Framgang. I dei fyrste Aari
(1S78—80), og eit Par Aar seinare med, gjekk det
paa Tap med Jønnvegen her; men sidan hev fraa
ikr. 1 000 til ikr. 55 000 Kronur vori inntektsførde ’.
„Sandnes 15 Minutter!"
Eg stig av og læt Jønnveg vera Jønnveg so lengi;
eg vil sjaa Sandnes att.
Du lærde Mann veit vel ikkje kva Sandnes er; og
eg veit ikkje heller kva det er; det heiter „Ladested",
og det Orde stend kje i mine Ordbøkar. Men eg kann
fortelja deg, at um Oslo er den største Byen i Lande,
so er Sandnes den lengste; han rekk fraa Sandve til
Lura; og det er ein Fjordung minst. Men so hev han
au berre den eine „Gata": Postvegen.
Dette siste er elles berre halvsant no; det gjeld ikkje
for heile Sandnes. I Sudenden er det komi fleire nye
Gatur, soleis Kyrkjegata — ja „Kirkegaden", veit du;
me hev Kultur her med —; for attaat ymist anna nytt
hev Sandnes fengi seg Kyrkje. Det hev i det heile
gjengi sterkt fram i seinare Tid.
Det er det gamle Sandnes eg helst vil sjaa, Sandnes
fraa mi Tid. Eg tek daa Vegen nord-yvi. Og snart
1 Dette siste er inn-teki etter „Jæderjernbanens Drift og
Virksomhed 1878—1903" ved Driftsstyrar Joh. Lorange og Lensm.
M. A. Grude; Stavanger 1902. ’ (Merknad 1904.)
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>