- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
218

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

218

KNU DAH EI BREV

kjenner eg kvart Hus. Fyrst og fremst Panneverki.
For her er mange no. Det „gamla Verke" —
grunnlagt ikr. Aar 1800 av Tjøl (d: Tjodolv) Trones, „han
Tjøl paa Verke", etter Tilraad av Hans Nielsen Hauge
— kjem mest burt i Flokken. Men det hev vorti for
mange; sume stend no. Det gjeng so i Norig : kjem
ein god Tanke upp, so kastar alle seg paa ’n til dei
drep ’n. Eg undrast med meg sjølv so tidt: naar tru
me norske skal lære den heilage Reknekunst. Eller
læra den endaa meir heilage Kunst aa slaa oss saman.
Paa Aasland i Thimesokno hadde me au eit Panneverk;
det vart grunnlagt ikring 1830. Men Aaslandsmennane
det nye Aaslandsfolke som kom inn med han
Kristofer Vittaland or Ogna-Sokni — dreiv Verke i
Samlag; og so gjekk baade Verke og dei sjølve fram. Men
paa Sandnes „liver Konkurransen".

Handverkarar er her mange av, men endaa fleire
Handlarar, som vanlegt i ein norsk By. Mindre hev
det vori med Mat-Hus og Drykkjehus; men no, daa
Jønnvegen er komin, hev Sandnes fengi baade „Hotel"
og „Kafé"; so no kann det „vise seg". Ikkje so lite
Skipsferd hev her vori; Eimbaatar er her og. Fraa
Oftedalstidi er her sjølvsagt minst eit Salem, eller
Bethel, eller Elim, eller Nain eller kva det heiter helst;
jødiskt maa det vera.

Fleire gamle Krambuir kjenner eg att; og det maa
eg fortelja; for det er sjeldsynt i Norig at ei Krambu
held seg so lengi som ein Mannsalder. Ikkje minst
kjenner eg att den vesle Bui hans Annfinn; mang ein
Gong gav eg der min einaste Halvskjeling ut for eit
Par „Kransar". Der er den Kjellaren der eg var
Mjølkehandlar ei Tid; han Far sende meg stundom ti!
Sandnes med Mjølkekjerra. Det gjekk godt; Kjellaren
fylitest med Sandneskjeringar og Spond, og
Mjølke-kjeraldi mine tømdest. Men det lønte seg nok ikkje

Kransar: noko søtt Bakarverk. Spönd (jærsk): Fleirtal
av Spand.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0226.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free