Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
KN UDA HEI BREV
219
likevel; eg hugsar ikkje anten det var ein eller tvo
Skjeling eg fekk for Potta. Ned-ved Fjorden, inn-med
dei gamle Fjøresteinane som eg minnest so vel, ligg
ein Fiskar med noko Smaa-Sei og Mort han hev fengi;
eit Par Kjeringar tingar med ’n um ein Øyre paa
Marki; det er det same Bilsete eg saag i mi
Barndomstid. Eit Stykke lenger nord er Pottemakaren. Det
er same Huse; og eg skulde tru det var same Pottune
og Koppane med. Godt aa sjaa at her daa er sümt i
denne Verdi som ikkje skifter.
Sandnes-Maale hev ikkje heller skift. Dei talar som
fyrr; Jærbumaal uppfiffa med Gatefint fraa Stavanger.
Rikt er det ikkje; og stundom gjeng det i Surr for
deim med, som naar dei t. D. segjer „maala" for
mæla, og „mala" for baade mala (med Kvern) og maala
(med Kost); men kva Raad er her. Naar Bokheim og
Bladheim og Skule og Riksverk trælar saa trutt med
aa arme ut Maale og fylle det med Framand-Rusk, so
kann det nok etterkvart koma til aa svive rundt for
ein Sandnesbue.
Eg ser inn-um hjaa Folke mitt eigi til Slutt; det som
er att av Garborgsfolke hev i det heile samla seg paa
Sandnes. Jamvel han Farbror er komin hit. Han er
skral med Helsa no, og strævar med Doktar-Raadir og
Helse-Dropar og Gudsord. Men han er seig. I
Grunnen sterk. Han er ute og arbeider rett som det er,
og driv elles med Skutepartar og taper Pengar.
Hugleg og greid er han som fyrr, um r,o Mode stundom
vil minke. Ho Faster Aase er og paa Sandnes no;
ho hev mest alle Borni sine paa Sandnes og trivst
her. Men som alle av det gode gamle Folkeslage maa
ho hava noko aa stelle med; og so styrer ho Huse for
han Jon, Son sin. Det er ei greid Kona ho Faster
Aase; Aari vert mange, men Helsa held ut. Og med
Vaarherre hev ho det godt; ho er glad og fornøgd og
klarar Live betre enn dei fleste av oss som yngre
skulde vera. Mor mi hev au drivi inn paa Sandnes-
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>