- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
225

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

KN UDA HEI BREV

225

for Dent, um eg no paa mine gamle Dagar tok til aa
fiffe med eit nytt Aarstal?

Tjah. Det gjekk svært so fint og stilt, dette
Hun-dradaarsskifte. Nyaars-Natti sat me i Kyrkja og høyrde
paa ei Preike, me Radikalane, i Staden for aa vera
paa Gata og velte Borgardøme. So midt i Preika kom
daa dei tolv Klokkeslagi. So var det kje meir.

Heile det nittande Hundradaare med alt sitt Staak
og sitt Braak, — med so lite Braak og Staak var det
gravlagt. Med likso lite Braak og Staak vart det
tjugande født. Det heldt fram den Preika som det
nittande var somna ifraa; „Mine Tilhørere!" kom i det
nittande og „Amen" i det tjugande Hundradaare. Meir
var det ikkje. Kannhende brende dei av eit Par
Kanonskot paa Akershus; det høyrde kje me som i
Asker sat. Me gjekk heim og lagde oss.

Eit Grand flate? Kannhende. Mangt anna kunde
me ha drøymt. Men endaa paa ein Maate fornøgde.
Ho gjeng stødt likevel, denne gamle skeive Verdi vaar.
Det er ikkje gjort med store Ord aa faa den velt.
Gjev ho maatte gaa fram, so visst som ho gjeng stødt!
— tenkte me vel. Og sov som vanleg den Natti.

Som sagt er: det nye Hundradaare smakar som det
gamle. Ingin Ting nytt er aa lugte eller sjaa. Folk
er so rolege at du kann loppe deim. Berre me fær
dette „19" inn i Pennen vil ingin hugse at det hev
vorti „ny Tid".

Eit Aarhundrad er eit Ord som alt anna. Kvar
Jordbolk hev sine Hundradaar. Det er Reknemaatar
og ulike Milelengdir. Til dess Verdi kjem so langt at
ho fær sams Tid-Rekning; daa vil ho for Aalvor byrja
med Aar 1.

Sogo hev si eigi Tidrekning, den. Sist heldt ho
Hundradaarsskifte jamvel i slikt eit Odde-Aar som
1789. Me kann vera rolege; Tid-Skifti kjem naar dei
vert mogne.

Dent; Affektation. — odde, om Tal: „ulige".

15 — Garborg. VU.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0233.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free