Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
230
KNUDAHEIBREV
verande der inne aaleine ei Stund; gav meg so til aa
sjaa paa desse Korti. Der var ymse Namn. Men med
Namne „Garborg" var der so mange at det tok til aa
svimre for meg. Og eg tenkte: dette ser ut! Det er
ikkje ei Ætt, det er ein Nasjon som kann skrive seg
Garborg . . .
Kva skal ein gjera? Var det ikkje best aa taka upp
att den gamle Maaten? So kvar Mann hadde sitt Namn,
og dertil Farsnamne? Som Erling Skjalgsson, t. D., um
eg skal halde meg paa Storsida. Eller Olav Haraldsson,
Inge Baardsson. Fall det seg so at der var eit
ser-legt Kjennemerke, so kunde ein taka det med : Erling
Skakke; Harald Haarfagre; Harald Grendske; Aadne
Maalstrævar . . .
Du som er lærd fær tenkje paa det.
Alt saag godt ut med den litle. Dei hev vori glade
daa eg kom, baade Foreldri og andre Vedkomande.
Ikkje minst han Farfar, vil eg tru, han gamle Aadne,
Olssonen, „fødd sjuttan hundra sju og sjutti" og soleis
no 74 Aar; han hev kvikna til daa han saag denne
Guteknabben som skulde yngje upp Namne hans og
soleis liksom lata ’n sjølv livne upp att. Det hadde
meir paa seg med Uppkallingi daa enn me no veit
um; difor harmar det meg at eg hev bytt burt Namne.
Ho Mor, som den Gongen var 19 Aar gamal, hev
vel au gjort seg Vonir um Fyrsteguten sin. Og han
Far hev ikkje vori mindre kry, veit eg. Han var 30
Aar, aa kalle, no; og det kunde vera høvelegt at
Odelsmannen kom ved dette Leite. So vart det Stundin’
til aa lære ’n upp. Og han visste at han kunde lære
meg upp. Ikkje nok med at han var Gardmann; han
hadde i sju Aar vori Skulemeistar.
Fraa 1840 hadde han skula i eit „Jestrikt" nedst i
Stundin(ej: Tid. — skula: halde Skule: „undervise".
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>