Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
KN UDA HEI BREV
231
Tnime-Sokno. Løni var 16 Dalar Aare og Fridom fraa
Hér-Tenesta. Endaa lagde han seg paa dei sju Aari
upp „nokre hundrad Dalar", som Torkell Mauland
fortel meg etter gamle Brev. Dei hev teki det
annar-leis Skulemeistrane i dei Dagar enn vanlegt no er.
Han Far greidde seg paa den Maaten at han i
Fristundine arbeidde Skor og sauma Skindklæde og selde.
Samstundes var han ein god Skulemeistar; det hev eg
sidan høyrt av fleire som hadde gjengi for ’n; og av
Mauland høyrer eg at Bispen, v. d. Lippe, roste ’n
serskilt for at han heldt „god Orden i Skolen". Ros
fekk han au der det etter mit Vit mindre skulde vera
ventande: for Skuling i Song. Det var i den Tidi
Lindemans Koralbok var komi, med Salmetonane uppsette
paa denne stive turre Maaten som lengi hev teki Live
av Kyrkjesongen vaar; dermed fekk Skulemeistrane nytt
Arbeid. Dette for daa sidan Høgskule-songmeistaren
Roverud ikring og skulde hava Tilsyn med. Her paa
Jæren skal han ha vori misnøgd for det meste; men
han roste dei tvo som etter den vanlege Folkemeining
minst kunde syngje: han Helge Aanestad og han Far.
Det stend i Skriftine, segjer Mauland. Han Far vart
daa au ein av dei tvo som sidan fekk „Stipendium",
3 Daler til Manns, til aa lære dei andre Skulemeistrane
syngje.
Det som eg veit visst er at han var ein drivande
og dugande Gardmann. Og hadde han vori glup fyrr,
tok han vel endaa betre i no. Han vilde hava Garden
skikkeleg i Stand aat Ervingen, maa vita.
So hadde eg det godt og voks; og var Herre i Huse
til den næste kom, og lenger med, veit eg. Barndomen
min var hugleg og ljos i desse fyrste Aari. Og eg sjølv
skal ha vori glad og fornøgd. Full av Paafynster som
kunde vera galne, men stundom au soleis galne at Folk
maatte læ. Enno hev eg som eit Minne um, at naar
eg fekk vera med Far og Mor ute i Lag, so tok gjerne
Gamlekallane Ungen og sette ’n upp-aa Borde framfor
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>