- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
232

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

232

KNUDAHEIBREV

seg og heldt Moro med ’n, og spurde ’n ut, og fekk
’n til aa „preike", og lo lystigt aat mangt av det han
fann paa. Süme av mine Visdoms Ord kunde liva ei
god Stund frametter.

Ein av mine beste Vénir i dei Tidir var Lensmann
Mossige1. Han var glad i Born, og kunde leike og
skjemte med slike Smaakarar so det sviv meg i Minne
enno. Han sagde meg mangt eit gaatefullt Ord som
eg gjekk i lange Tidir og braut Hovude med, til dess
han ein Dag forklaara meg det og lo aat min „stutte
Tanke". So teikna han stundom Bilæte og gav meg;
eitt hugsar eg enno; det var ein staseleg Hermann paa
ein Hest. Mannen hadde ein stor Nase men ingin
Munn; og det undrast eg paa so lengi eg hadde ’n.
Folk hev vel vori gladare av seg fyrr enn dei er no,
med meir av den Barnehugen som hev Lovnad um
Himilrike.

*



„Aandslive" vaknar seint i slik ein litin Krok. I
Fyrstningi er alt Bilæte. Og Bilæti er ljose og lette
og kvervande. Snart kveikte og snart sløkte. Der er
fraa desse fyrste Aari berre ein og annan Smaating
eg minnest; og nokon Grunn til at eg minnest den
framum so mange andre kann eg ikkje skyna der er.

Ein Gong er eg komin ut-paa ein Veg der eg aldri
fyrr hev vori. Eg gjeng og gjeng og vil sjaa kvar
denne Vegen ber av. So kjem eg gjenom ein framand
Gard; og i ei Dør der ser eg eit stort Kvende med
eit skinande kvitt Forklæde paa seg. Henne vert eg
rædd; stend og stirer paa henne ei Stund; kor det
sidan gjekk hugsar eg ikkje. Ein annan Gong er eg
ute paa Vollen vaar; der driv dei paa og tek upp.
So smell det eit Mineskot. Eg skvett, græt, skundar

1 Ingjebrett Mossige, f. 1812, d. 1862; Stortingsmann 1849
— 1860.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0240.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free