- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
233

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

KN UDA HEI BREV

233

meg heim. Ein Dag er Gjenta med Foren og vaskar
Klæde. Eg er med, og ligg og krabbar paa Steinane
i Aabreddi. Glid so ut og ned-i ein liten Hyl; der
vert eg liggjande. Og likar meg godt der. Ligg og
glor upp i den blaae Lufti; er stundom inn-i noko som
mest kann vera ein Skog. Langt um lengi vaknar eg
i Fange paa Gjenta; ho gjeng og ber meg i Stakken
sin; er paa Heimvegen med meg; trur eg er bli vin.
Men eg hadde det berre godt. Eg skulde nok ikkje
sleppe so lett ifraa Leiken1.

Her og der kann det vera slik ein litin Glytt; det
er som naar ein ligg um Morgonen og halvsøv, og
stundom halvvakin slær Augo upp; eitkvart halvklaart
Bilæte stig fram, og kverv att. Som naar eg stundom
tykkjest hugse at eg reid Huse rundt paa ein Stavhest
og staaka og song og var „full Mann" ; det er ikkje
meir. Ja og so er der noko halvgløymt um at ho Mor
kom og ikkje vilde vita av dette. Eller daa eg hadde
fengi den fyrste Staveboki. Eg skal ha vori so ikring
fire Aar daa. I den Boki var der ein Hane som dei
hadde fortalt meg kunde fljuge; og no vilde eg faa ’n
til det. Men han flaug ikkje. Alt mitt Stræv var
faa-fengt. So vart eg arg og reiv Hanen ut. Det var ho
Mor og Gjenta som saag dette; dei sette store Augo
og ein rar Trut. Men eg slapp visst med det den
Gongen.

Stundom sit eg paa Skammelen min millom Knéi
hans Farfar og stavar. Han Farfar, som hev Stolen sin
ved Døri framanfor Omnen, er svært stillfarande av seg
og segjer ikkje stort. Han tek det aalvorsamt og vil eg
skal vera glup Kar; men eg minnest ikkje at me
nokon Gong vart Uvénir. At han var burte ein Morgon
daa eg kom inn, og at heile Sengbenken hans var burte,
er det fyrste eg hugsar fullklaart um ’n Farfar. Eg
undrast paa dette. Han skulde vera dø’e, sagde dei;

1 Nytta i den vesle Sogo „Døy", saman med andre i
Grunndragi sjølvrøynde Tilfelle.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0241.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free