Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
KN UDA HEI BREV
235
som kann tala med Born, eller fortelja for deim. Me
er for lite Born sjølve, dei fleste av oss. So hev me
au fengi denne kloke „Folkeskulen" (skulde paa norskt
hava til Motsetning „Feskulen", eller eitkvart sovori).
Der maa Borni sitja og høyre paa tysk Teologi og anna
djupt som dei aldri fær Greide paa.
Denne „Folkeskulen" gjer vel au mykje til, at det
vert so lite Samliv millom Borni og det andre
Heime-folke. Skulen talar so mykje annarleis med Borni enn
Heimefolke kann. Og det hev vorti so mykje Andsvar
og so mykje „Metode" med dette: aa tala med Borni.
Foreldri er avsette og det 4de Bode avteki. Ikkje det
aa vera Far og Mor, men det aa vera lærarskulelærd
gjev Rett til aa tala med dei smaae.
Det tok til med dette alt i mi Tid. Foreldri mine
hadde ikkje tort fortelja meg ei Sogu eller eit Æventyr
um dei hadde kunna aldri so godt. Jamvel Besteforeldri
vaaga seg ikkje innpaa slikt. Ho Mormor var hjaa oss
stundom; ho sat daa helst og spann, og rødde um mykje
og mangt; ho kunde og stundom fortelja um gamle
Dagar. Men ho fortalde lite som me Smaafolk kunde
bry oss um, og aldri Æventyr. Ein einaste Stubb
hugsar eg etter henne. Det var um ein stor Stein i
Njaa-Heidane, der tri Systrar skulde ha frosi ihjel. Sidan,
sagde ho, kalla dei Steinen Joldan-Kalde.1
Tenestefolk var det stundom meir Hjelp i. Slikt som
Æventyr kunde ikkje dei heller; men serleg Gjentune
fortalde Bygdesogur og anna smaatt. Segnstubbar med,
som me gjerne høyrde paa. Süme kunde kveda au.
Ikkje Folkevisur, veit du; Kulturmaal-Visur. Mange
slike hev eg høyrt og gløymt. Ei handla um Krigen:
„da fik jeg se for Øgen,
jeg saa’ saa mangen døde,
ja saa mangen tapper faldt."
1 Jol dan kalde? — Daa me no paa Jæren segjer „Jul" o»
„den", maatte Segni, um so var, vera svært gamal.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>