- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
237

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

KN UDA HEI BREV

237

meir eller mindre Saumar eller Skræddar. Byggmeistrar,
Murarar, Maalarar, Fin-Snikkrar og Fin-Smedir var her
au so Lande greidde seg. Ja me hadde Handverkarar
av alle Slag, like upp til Gullsmedir. Som Gullsmeden
paa Gudmest(ad), han Per. Ingjebrett Mossige som eg
fyrr hev nemnt var like eins Gullsmed, umframt
Gardmann og Lensmann og Stortingsmann. Ikkje mindre til
Gullsmed var Far hans, han Sveidn („Svend") Mossige
(1780—1835), ein framifraa Mann i det heile, og enno
ikkje gløymd; han hev vori reint som ein Hovding i
Bygdi. Far hans att, han Gamle-Ingjebrett, skal ha vori
heilt-upp ein Meistarsmed.

No hev Handverke flutt til Byane og
Jønnvegs-gardane.

*



Eg greidde meg fint heime, so lengi alt gjekk godt.

Eg hadde det so gildt med Mor og Far og Drengir
og Gjentur og Jamaldringar paa Garden, at Tidi helst
gjekk altfor fort. Det var i eitt Mas fraa Morgo til Kveld
med Barnestræv og Barneleik: Byggjing, Gardsbruk,
Køyring, Sigling, koma framande, slaa Trebonius, føre
Krig og kva det no var alt. Moro var det og aa fylgje
dei vaksne paa Arbeid, eller vera med i Fjose naar
dei molka, eller hjelpe til med aa gjeva Büje, eller
vera med i Marki og gjæte, eller „byggja Stove", eller
„koma Fremmande"; eg skal kje nemne naar eg fekk
vera med til Sjøen stundom, og køyre Sand og hente
Kuvungar, og jamvel stundom sjaa Vrak. Og um
Vin-tra-Kveldane naar alle var inne, og dei vaksne sat
ikring Kola med sine ymse Arbeid og rødde og fortalde
um alt som falle kunde: um Hende i Bygdi, um
By-ferdir og Langferdir, um Sildafiskje — der mest all
noko tilkomin Ungdom var med, endaa Sildi no hadde
flutt lenger nord-yvi, — daa var det reint framifraa. Alltid
var der eitkvart gildt aa høyre paa; og alle var i God-

paa Garden: hjaa Grannane. — mjolka: mjølke.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0245.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free