- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
238

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

238

KNUDAHEIBREV

lag. Det var i det heile Skam aa sutre og jamre i den
Tid. Samrøda gjekk lett og fritt, og alle var med. Det
vart nok lite Stundir daa til aa sitja og hengje med Boki.

Elles kunde Boki vera til sitt Bruk. Eg hadde Moro
av aa lesa naar nokon vilde høyre paa meg og rose
meg; men elles var Boki noko som høyrde Skulen og
Kyrkja til.

Eg kom paa Skulen i 6-Aars Alderen, tenkjer eg,
og greidde meg der paa ei Vis, og totte det stod godt
til. Det var Umgangsskule, maa tru; me var som
Gjestir hjaa Kjendsfolk. Hadde det haldi paa med det,
so Gud veit; kannhende hadde eg seti paa Garborg
enno.

Det var ikkje berre Bøkane og Blekkhusi paa Skulen
daa, og dertil ein danskande Skulemeistar; det var
heime og Sundag og Gjestelag. Der var alltid vel steilt
hjaa Folk naar dei hadde Skulen hjaa seg, og me totte
me hadde det godt naar me sat der og bala kvar med
sitt uppetter det lange Borde.

Det var mindre Boki som raadde i dei Tidir.
Meiningi var den same daa som no: me skulde lære det
4de Bod og samstundes lære aa vanvyrde Heimeskikk
og Fedramaal. Men dei orka ikkje aa gjenomføre denne
Tanken heilt endaa. Boki var for det ho var; me
skulde lære ho; men stort meir vart det ikkje. Ingin
venta at me skulde skyna ho. Vaar naturlege Forstand
var „ved Synden formørket". Me fekk lære aa lesa,
og lære Leksune; kunde me svara paa det
Skulemei-staren spurde um var det godt; me laut hava Greide
paa so mykje som Raad var til Konfirmasjonen. Men
elles fekk det gaa som det kunde. Og der var so mykje
anna i Skulen som var gildt. Aa leike i Lag; aa
samrødast; aa høyre og fortelja nytt, og Sogur um gamalt
rart; aa faa Greide paa slikt som høyrde til Folkeskikk
og vitug Framferd, i det heile aa lære av kvarandre
endaa me ikke sjølve visste um det, — det var den
rette Skulen. I Fristundine lærde me mest.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0246.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free