- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
239

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

KN UDA HEI BREV

239

Av Bøkane fraa den Tid hugsar eg lite anna enn
Bokstavane. Der var ikkje noko elles som eg serskilt
lagde Merke til. Og so lika eg aa høyre at eg var glup
til aa lesa. Daa eg kom so langt at eg kunde lesa
bakvendt var eg stornøgd reint. Eg vart ein Meistar daa;
heilt-upp ein Speid’l. Ud laks ekki evah edemmerf
re-dug rof gim; det skulde ingin ha høyrt slikt! Dei sanka
seg um meg i Flokkar. Og høyrde, og undrast, og lo.
Det var løje elles det som stod i Boki; men dette
var no reint burt-i Veggine. Ein skulde aldri ha høyrt
slikt!

Me smaae sat nedst ved Borde med Staveboki eller
„Kakkjesboki" og stelte oss sjølve for det meste, endaa
Skulemeistaren, han Byrge Løgje, saag etter oss rett
som det var. Og hjelpte oss. Det var ein greid Kar,
han Byrge, og snild, endaa han kunde vera kvass med;
og eit serskilt godt Lag hadde han med oss smaae.
Men med dei store var det mest Arbeid, veit du; dei
skulde baade lesa og rekne og skrive, og hadde dertil
Leksur i baade Forklaring og Bibelhistori. Ja kvar
sine Leksur hadde dei, so det var ikkje greidt. Og
naar han spurde eller kattekesera og lagde ut, so
maatte han tala Gudsord liksom Presten. Oss smaae
skula han naar han fekk Stundin’ for dei store; og
mot oss var han som eit anna snildt og klokt
Bygde-menneskje. Ja han tala so me skyna det jamvel naar
han høyrde Leksur.

Fristundine, eller naar me „slapp", var like gilde
um dei ikkje heitte „Frikvarter". So snart Skulematen
var greidd var det ut og „gjera gildt" ; og daa vart det
Liv. Og so mykje snodigt og løje og stundom vaag
legt som det vart paafunni, helst av Galningane
millom dei store. Det var i Skulen um Lag som heime

Speid’1: Spegil. — „Gudsord" vart brüka um mest alt
lesande i den fyrste Tidi eg minnest; Testamente, Salmeboki
og Tekstboki var noko-so-nær det einaste boklege, vanlegt Folk
kjende til. - gjera gildt: leike.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0247.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free