- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
240

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

240

KNUDAHEIBREV

naar me hadde Framande; det var berre det at her
var det so mange fleire, so her vart so mykje meir
snodigt funni paa. Og dermed so mykje meir aa lære.
Ikkje berre av Leik. Kvar kom fraa sitt Folk og hadde
kvar sitt aa bera fram, eller aa spyrja um og undrast
paa. Og mest aldri var det nokon som fann paa noko
uliklegt. Hende sovori, so fekk Syndaren høyre so
mykje at han gløymde det ikkje so snart; og eg hugsar
ikkje at me nokon Gong turvte gaa til Skulemeistaren
med slik Uhugnad.

Sjølve Skulen kunde vori betre steilt. Me hadde
lært meir um me hadde havt det som i frie Land, der
dei hev Heimemaale til Skulemaal. Men i den Tidi
var Skulen i Norig heilt-upp dansk. Der var ikkje eit
norskt Ord aa sjaa i Bøkane. Det einaste som hjelpte
var, at Skulemeistrane endaa ikkje hadde fengi full
Framand-Upplæring. Dette, og so det at Skulen vart
haldin i Husi hjaa Folke sjølv, gjorde at han vart meir
Folkeskule likevel enn den Krambugut-Skulen me sidan
hev fengi. Og han dreiv oss ikkje burt fraa Heimen.
Mange av dei beste Bøndane paa Jæren er enno av
deim som fekk si Upplæring paa Umgangsskulen; me
som sidan vart sette paa Skuiehus og upplærde av
Seminaristar, med oss bar det heller paa Framandveg.

V.

Knudaheio 26. 4. 1901.

Du Steinar!

— — — At mine fyrste Aar var ei god Tid skynar
eg av at eg daa var glad i alt og alle som eg hadde
med aa gjera; og ikkje minst i ’n Far. Sidan vart det
annarleis.

Vendingi skulde vori god. Det var Kristindomen

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0248.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free