Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
KN UDA HEI BREV
241
som fekk Skuldi for ho. Men Skuldi hadde nok mindre
Kristindomen enn Kristiandomen, eller Kyrkjelæra fraa
Kristian den sette si Tid. Det var den som no var
komi til Magt paa Jæren.
Heime vart alt snutt um. I „Fred" er Sogo fortald,
sant i alt som det gjeld um; her skal eg berre freiste
aa faa med noko meir um meg sjølv.
Det ser ut for meg som eg reint hev vorti umskapt
i den Tidi. Eg hev vorti tagali for rødali, og drøymin
for djerv, og gruvlesjuk for glad og tiltaksam. Og um
mangt eit Hugskifte gjenom Uppvokstren kann koma
„av seg sjølv", so hev vel dette mitt havt ymist
Samanheng med det aandelege Luftskifte heime.
Eg vart beintfram upptamd til Drøymar ved alt dette
„Gudsord". Luther og Johan Arndt og Francke og
høgsæle Bispen Brockmann og kva dei alle heitte, dei
vart so lange for meg at noko laut eg finne paa, skulde
eg klara deim.
Han som eg hev laant det meste av til „Gunnar"
i „Fred", eit Systkenbarne mitt som gjesta oss
stundom og som eg vart godt kjend med, sagde meg Raad
mot denne Lesnaden. Det var noko han hadde freista
sjølv, endaa dei heime hjaa honom ikkje las meir enn
ei Preike um Sundagen — aa, som eg ovunda deg,
Gunnar! Eg skulde sitja still og sjaa sundagsleg ut,
sagde han; men inni meg skulde eg tenkje paa andre
Ting, og det so hardt at Lesnaden kom burt for meg.
Dette hadde eg elles freista sjølv. Men Ulykka var,
at naar eg tenkte paa noko som eg brydde meg um,
kom eg so inn-i det at han Far skyna eg var i andre
Tankar; og daa nytta det ikkje. „N ei det maa du
agta deg fyri," sagde Systkenbarne mitt.
Aa tenkje pai noko som eg brydde meg um, men
ikkje tenkje for hardt paa det, vart daa mitt vanlege
Sundagsstræv i lange Tidir. Men so var det noko
anna som kom meg til Hjelp etterkvart: eg fekk
stundom lesa Preikune sjølv. Daa gjekk det betre, um elles
16 — Garborg. VII.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>