Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
242
KNUDAHEIBREV
Preika ikkje var altfor lang. For det var gildt aa lata
dei andre høyre kor godt eg kunde lesa. Og so maatte
eg vel stundom kunna slumpe til aa bléda tvo Blad
for eitt. Dette siste trur eg elles aldri eg vaaga; han
Far kunde so snart sjaa det.
Eg skyna kje mykje av det eg las, um det no alltid
kom seg so smaatt med Tidi. Men naar eg tenkjer
attende paa denne ,,Gudsords"lesnaden no, so skynar
eg at dei hev steilt seg klokt, Prestane vaare, med sitt
danske Kyrkjemaal. Dette Maale hev med sin framande
Tone og sitt heile uheimslege Lag vori for Bonden
noko paa Lag som den gamle Kyrkjelatinen. Og at
Gud, som andre Storfolk, tala annarleis enn me
Bøn-dar, det var daa ein sjølvsagd Ting. At Bonden skulde
kunna skyna Vaarherre betre enn han skyna
Skrivaren og Futen, var ikkje rimelegt. Yvi det dimme,
halvtydde Kyrkjemaale lagde det seg daa noko av den
Æventyrtonen som eit so høgt Ord maatte hava etter
den gamle halvkatolske Bondetanken; og det kunde
daa aldri bli kravt at ein i vanleg Meining skulde
„skyna" Gudsord.
Endaa ein Ting kom meg til Hjelp: eg vart meir og
meir „Klokkar" i den vesle Huskyrkja vaar. Han Far
hadde eit gamalt Salmespél (Salmodikon) som eg fekk;
dertil gav han meg Lindemans Tal-Koralbok; so spéla
eg, og lærde mange Tonar. No veit eg ikkje rett
korleis det var; han Far skulde etter det som var
hendt i Skulemeistartidi hans ha vori ein heil
Song-meistar. Men han var ikkje det. Dei gamle Tonane
hadde han gløymt; og dei nye kunde han kje heller.
So vart det meir og meir eg som laut styre Songen
naar me heldt Husbøn. Og kry var eg. Fleire og
fleire Salmetonar lærde eg; paa Resten greidde eg mest
heile Kingo. Ja mykje av Guldberg og Brorson med.
Og eg song og kjende meg Kar og tenkte med meg,
at det knapt kunde vera noko mindre enn Klokkar i
Thime-Kyrkja Vaarherre hadde tenkt meg til.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>