- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
243

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

KN UDA HEI BREV

243

Ja villare endaa voks Draumane mine. Eg tok til
aa dikte Salmar. Laga deim etter dei formfriaste i
Kingo og lagde meir fri Form til sjølv; skreiv deim so
upp paa Veggine i Kammerse hans Farfar; Veggine
der var dregne med Kardus-Papir. Naar eg daa var
vortin Klokkar vilde eg stelle det so at Presten fekk
sjaa desse Salmane mine; og Presten vilde sjølvsagt
like deim framifraa. Bispen med. So vilde dei setja
meg upp-aa ein høg Stol i Kore i Thime-Kyrkja og
krune meg til Salmekonge etter Kingo. Den Draumen
livde eg paa lengi.

I Trui hans Far var det elles mykje som var godt.
Ja beintfram nyttigt. Sümt vilde jamvel vera
lands-gagnlegt um det vart Folketru; det kann du lesa um
i „Fred", Stykke VII mod Slutten.

Her nemner eg berre det som serleg kom oss Borni
ved. Guds Vilje var at Foreldri skulde vera Lærarar
for Borni sine. Heimelive skulde sjølv vera
Barneskule. Fyrst og fremst skulde Borni lære aa beda
og halde seg til Gudsord; det dreiv han paa med av
beste Magt. So høyrde Arbeide au med til Skulen.
Gud vilde at me skulde liva av Arbeide vaart; me
maatte daa fyrst lære det. Og lære det i Barndomen
som var den rette Læretid. Den Kunnskapen som
endaa turvtest, som Rekning og Skriving, skulde me
au lære heime; og det fekk me drive paa med um
Vinteren, daa Tidi var til det. Meg vilde han lære
upp fyrst; so fekk eg etterkvart hjelpe Systkeni mine.
Me skulde i det heile hjelpe kvarandre; so livde me
au etter det store Böde um Kjærleik til Brørane.

Full av Tillit og Tru tok han til med Skule-Arbeide
sitt. Eg hadde nok lika den vanlege Skulen betre.
Men med mitt vonde Samvit fraa Matköven — sjaa i
„Fred" um Gunnar Mat-Tjuv — tagde eg og fann
meg i alt.

Og Vinteren gav ikkje so reint lite Tid til
Skule-arbeid. Eg lærde baade aa rekne og skrive, eit godt

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0251.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free