Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
244
KNUDAHEIBREV
Stykke paa Veg. Han Far skreiv upp aat meg i
Skriveboki; den stræva eg daa med um Dagane, naar
Tid var; og um Kveldane sat eg med Tavla inn under
Köla og rekna. Til Hjelp hadde eg ei Reknebok som
han Far i sine Skulemeistardagar hadde skrivi upp aat
seg sjølv etter ei eldre Bok, som ein annan Skulemeistar
hadde skrivi upp aat seg etter ei endaa eldre; dei kunde
nok ikkje berre gaa til Bokhandlaren i dei Dagom. Stod
eg fast, so hjelpte han Far meg; han sat ved same Köla
som eg, og bøtte Skinn-Hitar eller sauma
Skinn-brøkar eller lappa Skor. Til sine Tidir hadde eg Lag,
og det godt Lag: han Farbror Ola, som meir og meir
slutta med Timbring og slog seg paa Handel; han
gjekk daa i Reknelære hjaa ’n Far eit Par Vintrar,
jamsides med Brorson sin. Naar eg vart leid av aa
rekne (me vart aldri „trøytte" av slikt Arbeid), las eg
høgt i det gamle Testamente; det var det me hadde
til Lesebok.
Det gjekk godt med denne Skulen. Var „Timane"
faae, so vart dei godt nytta; Læregutane var ikkje
mange, og Heimemaale var Skulemaal. Han Far var
langtifraa Maalmann; men han kunde ikkje skikkeleg
tala „Gudsord". Og difor vart han meg ein Lærar
so god, at eg kann segja d’er i hans Skule eg hev
fengi Grunnen lagd til all mi seinare Upplæring.
Gjenom Heimemaale hans Far fekk eg Greide paa
rett mykje av dette danske som me norske Bøndar
maa lære all Ting paa, jamvel det som paa fint heiter
,,Land"-Bruk.
Klaar vart vel ikkje i alle Maatar Kunnskapen min;
soleis er eg rædd at det for meg var Jærbuen som i
gamal Tid hadde gjengi yvi Raudehave, liksom eg visst
hev fortalt deg at Stavanger vart Jerusalem, o. s. fr.
I slike Ting vaaga eg ikkje aa spyrja; eg hadde røynt
at Svari helst vilde gaa meg imot.
Mitt rette Fedraland fekk eg ikkje Greide paa fyrr
lenger upp i Aari; dei gudelege takka aldri Gud for
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>