Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
KN UDA HEI BREV
245
Heimlande sitt. Som og rimelegt kunde vera; lite
hadde dei høyrt gjeti det, og lite kjende dei seg heime
her, liksom dei heller ikkje skulde kjenne seg heime.
Me skulde vera „Pilegrimar" paa Jordi. Liksom Jesus.
Som aldri sagde eit Ord mot det romerske
Framand-styre, kor saart han elles syrgde yvi Lagnaden aat
Folke sitt. Det heimlause i Kristindomen er vel au
det som Prestane vaare best hev kunna faa fram.
Det som er visst er at eg aldri høyrde Tale um Norig
i mine fyrste Aar. Han Gamle-Sven, Smeden, kunde
vel stundom segja slikt som at det og det „fanst det
kje Maken til i heile Naari"; men slike Gamlingar
sagde so mykje rart. I Kyrkja var eg den 17de Mai
1864, daa det norskdanske Norig heldt Fridomshelg;
men der høyrde eg berre „Norge", som no er teki
upp i det jærske Folkemaale med. Seint lærde eg aa
skyna at Naari eller Norig var det same som det
Norge eg lenger ut i Aari fekk til Lekse i
Geografien.
Den Heimeskulen som eg fortel um i „Fred" vart
haldin paa Garden stundom, d. e. hjaa Grannom;
men der var aldri me med. Læraren paa denne
Skulen, som eg i sumt hev teki til Mynster for min
„Olsen", var ein Student eller „Studart" som vildra
um her hitte i mine fyrste Aar og „budde paa
Vindheim" ; eg hev aldri fengi Greide paa kvar han var ifraa.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>