- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
246

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

246

KNUDAHEIBREV

til var og Arbeide den beste Hjelp imot Syndi. Og
den laag alltid paa Lur, ikkje minst etter oss Borni,
sagde han Far, som stundom syntest meg gaatefull
naar han rødde um dette. —

Ein sers Umtanke hadde han for meg; og eg fekk
mykje aa staa i, helst daa han slutta med aa hava
Dreng. Æveleg nok var der aa gjera ute som inne
all Tid, og eg fekk spenne i alt det eg orka. Og vel
so det, kannhende, daa eg ikkje hadde „Guds Hjelp".
Innearbeide var elles lett. Og her fekk eg snart
Hjelp av ’nna Stine, eldste Syster mi, ettersom ho
vaks til, um eg no laut „vera med" i lengste Lage.
Det var daa helst aa bera Torv og Vatn, og sopa
Golve, og hjelpe til i Kjøken, og setja paa og taka
av Borde; og so hjelpe til med Kinning og Karding
og Spoling og kva som fyri kunde falle, alt ettersom
Aarsens Tidir var. Men ute var det stridare. Serleg
med Jordarbeide; Vaarvinna, Torvskurden, Slaatten,
Skurden og Eple-Upptakingi var stride Basketak alt.
Millom Vinnune var der au nok aa gjera.

Ut-etter Fyrivinteren var det Turking og Maling,
noko med det Arbeide eg lika best. So var det
Vinteren med Bustell og Fjosstell og Heimearbeid
av alt Slag. Bera eller sidan pumpe Vatn til Buje;
gjeva Kyrne og Smalen og Øykine; maake Fjose;
hjelpe til i Løo, serleg daa me fekk Treskje-Gogn;
hjelpe til i Smidjo; staa og støyte i Barkakjere; liggje
i Eplekjellaren og reinske Bingane for rotne Jordeple;
i det heile hjelpe til i all den Endeløysa av smaatt og
stort Arbeid som der er paa ein Gard; det var ikkje
berre Moro. Skulearbeide kjendest reint som Kvile
mot det. Det vart i det heile for mykje Stræv og
for lite Leik for ein litin Krok; eg treivst ikkje rett,
og fekk Uhug til Arbeid so vel som til Gudsord.
Anna leidt fylgde med. Eg lærde aa ljuge og lure
meg fram med det som eg vilde men ikkje fekk Tid
Smale: Faareflokk. — gjeva Kyrne: gjeva deim Mat.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0254.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free