- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
247

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

KN UDA HEI BREV

247

til, eller ikkje maatte; og mine stakkars Smaasystken,
som so tidt kom i Vegen naar eg hadde tenkt aa
faa meg ei Stund for meg sjølv, vart meg til Mein;
og Illskap og Argskap fekk ofte Magti der
Barne-hugnad og Godvilje skulde raadt aaleine.

Kristindomen vart det som Preikebøkane kalla Lov;
og der var mykje „Lovens Frygt" i Huse. Var me
saman med ’n Far, tagde me og var rædde. Det var
Synd aa samrødast, naar det ikkje var um
naudsynlege Ting, eller um „Sjæli"; me „skulde gjera
Rekneskap for kvart unyttigt Ord me hadde tala". Den
Guden han Far trudde paa var i det heile den
gamal-jødiske og nypietistiske Jahve; hadde han naatt fram
til Faderen so hadde det gjengi betre, for honom som
for oss.

Men „Lovrædsla" var yvi oss jamvel naar me var
aaleine. Ikkje ho Mor heller kunde alltid hjelpe oss.
Me hadde so lite aa gleda oss til, og so mykje aa
ræddast. Og Ovund og Uhug kom upp oss sjølve
imillom, med Uvenskap og Uhugnad. Eg var verst
her som i alt, venteleg av di eg hadde det tyngst og
kjende meg minst fri under desse ubarnslege Vilkaar.

Altfor lite fekk me vera i Lag med andre Born au.
Det kunde vera i Skümingsstundi Vinterdag, fyrr
Kola vart kveikt, det Bile han Far kvilde. Ho Mor
hev visst havt mang ein Strid berre for aa faa so
mykje fram. Han Far, Stakkar, som var under verre
Tvang enn me, meinte at me liksom han hadde havt
best av aa reint „forsaka Verdi". Eg veit at naar
me kom inn att fraa Leiken vaar var han i Ulag
mest jamt; altfor vel skyna han at „Hugen var etter
oss der ute". So vart Ut-Hugen endaa sterkare. Og
voks og voks, til dess han vart Uthug fraa Heimen
sjølv. Den paulinsk-luthersk-pontoppidanske
Kristindomen hans Far sprengde meir og meir Huse.

Det vart til det, at kor lite me i all denne
Hug-løysa kunde samstevjast oss sjølve imillom, so var det

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0255.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free