Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
248
KNUDAHEIBREV
daa ein Ting som kveikte oss alle upp: naar han Far
skulde paa Utferd. For me vart „frie" daa. Og di
lenger han skulde vera burte, di meir Høgtid var det.
Ho Mor, Stakkar, laut nok au for vaar Skuld vera
glad; altfor vel saag ho at dette stengde og bundne
Live ikkje var godt for oss Smaafolke.
*
I desse Tidine vart han Farbror meg til stor Hjelp;
med honom var det som den frie friske Verdi endaa
av og til braut inn i Huse.
Han for vidt ikring, han Farbror, og dreiv paa med
mangt. Fyrst var det Timbring; so vart det
Naute-handel. Han for nord i Fjordane um Vaaren og kaupte
Kyr, og hadde dei i Heidabeite um Sumaren; so laag
han i Byn um Hausten og slagta og selde. Um
Vintrane dreiv han dertil med Sildesalting. Sidan vart
han Timberhandlar. Han for paa „ Austlande" —
Mandals-og Kristianssandskanten — og kaupte Vea som han
selde paa Jæren; det var jamt Folk som skulde byggje
der; dei gamle Husi var ikkje fine nok, maa-vita.
Süme Vintrar kaupte han Vrak som var innkomne paa
Jær-Strandi, og hogg upp og selde ut i smaatt under
Hamaren. Sidan, daa Helsa tok til aa svikte, vart det
Ferdir til Eikersund, Mandal, Kristianssand og kvar
som helst etter Doktarhjelp. Men fraa alle sine Tiltak
og alle sine Ferdir hadde han Sogur aa fortelja; og
naar han ein Vinterkveld kom, so skal eg tru det vart
huglegt hjaa oss. Daa sat eg innestengde Ungen og
høyrde paa han Farbror som det kunde vori sjølve
Snorre Sturlason.
Han hadde Sogur fraa Sjø og Land, fraa Handel og
Vandel, um Moro og Aalvor og alle Ting, og han
fortalde so ein kjende at han var med i Sogune sine.
Aldri veit noko Meneskje kva Hjelp slik ein Sogumann
Vea: „Træmaterialier."
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023
(aronsson)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0256.html