Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
KN UDA HEI BREV
255
hadde synda so reint for lite. Det kunde ikkje verte
nokon skikkeleg Anger av slikt. Skikkeleg Anger var
det ikkje fyrr ein kjende seg den største av alle
Syndarar; det stod i alle Bøkar. Men det gjorde ikkje eg.
Eg stræva alt det eg kunde; leitte upp i Minne alt det
galne eg hadde gjort, sagt, tenkt, havt Hug til, og det
vart ikkje so lite; dreiv det stundom so vidt at eg
tenkte det laut vera Anger, dette-her, endaa eg ikkje
merka noko til Syndegraaten. Bad daa um Tilgjeving
det beste eg kunde. Men kjende ikkje noko som kunde
vera Hjelp eller Svar. Trøysta meg med at det var
vel ikkje alltid ein kjende det. Ikkje alle var so høgt
naada som Luther og Johan Arndt. Ein fekk tru. Tru
at Syndi var tilgjevi, og so berre drive paa med den
nye Livnad.
Eg freista med den. Ein Dag, tvo Dagar, tri Dagar,
og lenger. Det gjekk ikkje verst stundom. Me var
skrøpelege. Men berre me vilde det gode —; det
galdt mest um det. Den nye Viljen var det det galdt
um. Eg bad og heldt paa. Men Rædsla veikna og
Live lokka. Meir og meir gløymde eg aa beda; mindre
og mindre var eg paa Vakt. Klaarare og klaarare
visste eg at eg var den same som eg hadde vori.
Og dette vart endaa sistpaa ei Trøyst. For daa
kunde eg vel ikkje med dette Stræve mitt vera komin
so langt at det hadde vorti Synd imot Aandi. Smaatt
um Senn gav eg so Stræve upp. Eller gløymde det av.
Det fekk vera med Hugvendingi til eg vart større og
hadde synda meir. So gjekk det vel au betre med
Angeren.
Stundom freista eg aa gaa mindre strengt etter Boki.
Det var vel ikkje alle som hadde det like eins. Serleg
med Born var det visst annarleis; stod det ikkje at
Guds Rike høyrde deim til? No galdt vel dette mest
um Smaaborn. Men noko galdt det vel for min Alder
med. No vilde eg berre tenkje paa Vaarherre, og
beda, og alltid vera lydig og snild mot Far og Mor,
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>