Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
256
KNUDAHEIBREV
og greid og beinsam mot Systken og Kjenningar; so
hjelpte Vaarherre meg etterkvart, skulde eg sjaa.
Eg kunde halde meg uppe i dette nokre Dagar. Og
kunde stundom hava det rett godt. Serleg naar eg
fekk det til med aa vera snild mot Mor og Far, og
jamvel mot Systken. Men det stod aldri lengi paa.
Smaatt eller braatt kom eg ut av mitt gode Lag, og
skyna daa strakst at eg ikkje hadde vori umvend. Aa
nei; ein slapp nok ikkje ifraa det so lett!
Eg hev gjort ikkje so reint faae slike Tiltak
frametter Aari. Og dei vart meir aalvorsame etterkvart,
av di eg meir og meir ræddast for denne gaatefulle
Syndi mot Anden eller „Forhærdelsen". Men alltid
naar eg hadde stridt ei Stund med aa koma til Gud
dovna det av med meg att; i Grunnen hadde eg ikkje
noko hjaa Gud aa gjera.
Ingin visste um dette Stræve mitt. Og heller ikkje
maatte nokon vita noko, fyrr eg saag det vart noko av.
Ein Gong etter ei slik Vekkjingsrid kom ho Mor til
aa segja at eg hadde vori so snild no eit Bil; eg vart
skamfull og heit og snudde meg fraa henne.
Men Barndomen er forunderleg. Med all
Bljug-skapen min for desse Hugvendings-Tankane, og med
alt det at eg var vortin so framand for Far min, var
det til honom eg ein Gong kom til aa tala um dette
Stræve mitt. Tvil som eg hadde havt, og Spursmaal
som var komne i Vegen for meg, nemnde eg utruleg
fritt; hadde i det heile ei av dei faae gode Samrødune
med ’n Far som eg kann minnast. Han tok det godt
upp. Trøysta meg; tala rolegt og roande. Det var
mange Vanskar, sagde han; eg skulde ikkje vera rædd.
Gud kom i si Tid. Og daa, meinte han Far, fekk eg
lære mangt som eg enno ikkje skyna. Eg hugsar eg
vart forundra yvi at han tok det so stilt; men det var
nok ikkje lenger i dei sterke Dagane hans, dette.
Eit anna Møte minnest eg som eg hadde med ’n
Far; det var eit Par Aar seinare. Eg hadde fengi
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>