- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
257

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

KN UDA HEI BREV

257

laant Ibsens „Brand", og tenkte at fekk han høyre
noko av den, so vilde han faa betre Tankar um „desse
Uppdiktingsbøkane". Det laga seg so vel au at eg
fekk lesa upp noko av „Brand" for ’n Far. Han sat
og høyrde paa meg ei god Stund. Svært still sat han.
Eg tok alt til aa tru at Slage var vunni. Daa bad
han meg slutte. So sat han og tagde eit Grand.
„Nei; eg maa kje høyra paa sovori," sagde han. „Det
gjeng for mykje inn-paa meg; det er so eg gløymer
. . . alt anna." Eit Grand etter lagde han til: „du
maa agta deg du au. So desse Bøkane ikkje fær for
mykje Magt med deg."

Eg las ikkje meir av „Brand" for ’n Far. Men den
Raadi han hadde gjevi meg fylgde eg ikkje.

Og so kjem det noko som eg ikkje veit Samanheng
med; reint for seg sjølv stend det.

Eg var ferdug med alle „Vekkjingar". Alle Sutir
av det Slage var burte. Dette som Prestane og
Preike-bøkane rørde um var noko Tull. Der var ingin slik
gamall Sinnatagg til Vaarherre som sat og lurde paa
um han kunde faa kaste oss i Helvite.

Eg minnest so vel baade kvar eg var og korleis
Verdi saag meg ut, daa eg ein skysprengd,
solblin-kande Vaardag gjekk og sagde meg dette. Eg veit kje
kvar eg hadde Tankane fraa eller korleis og kom paa
deim. Men dei var so klaare og trygge. Dei letta
og gav Ro; der var korkje Sinne eller Uppreist i deim.
Som ei frisk, roleg Morgonstund stend dette for meg.
Alle gamle Gaatur og Rædslur var avlyfte, burt-tekne;
eg var fri; løyst. Og Verdi var fager: Aaker og Eng
og Mark og Sjø, og ingin Audheim der Devlar dansa.
Liva skulde me her, og byggje Jordi og vera glade;
ikkje liggje og fomle og tumle med Devlar og
Grav-rædsle.

Det hev vel vori eit Huglag, ei Vakning av ungt
Mod. Men det kann og ha havt Samanheng med at

gange inn-paa: angribe; gjøre Indtryk.

17 — Garborg. VII.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0265.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free