Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
258
KNUDAHEIBREV
eg daa var komin i Skulen att, og hadde fengi ein
Lærar der som eg kunde tala med. Denne Læraren
var ein Kjenning; me hadde jamvel gjengi saman i
Skule fyrr; han var klok men ikkje framand, upplærd
til Skulemeistar men ikkje Seminarist; og han hadde
Tankar som var for-vaaglegt nye for meg nett av di
dei ikkje var framande. Han tenkte heimslegt! Var
Skulemeistar, og tala paa Skulen skulemeistarfint; men
han tenkte som me, og tala som me naar han sjølv
og ikkje Skulemeistaren tala. Han samrødde med meg,
og me vart kjende att. Det var kje so mykje „nytt"
han lærde meg; men han lærde meg aa sjaa det gamle
so det vart nytt; og smaatt um Senn tok eg til aa
skyna at eg livde i Norig og ikkje i Galilæa. Fraa
den Tid er det som eg vaknar og tek til aa arbeide
meg ut or Haugen min; og Ungdomsframhügen livnar,
so eg vel stundom kunde bli vel modig, veit eg.
Denne Læraren og Kjenningen min hev eg nemnt
fyrr; han er Skulemeistar enno og heiter Torkell Mauland.
Han fortel meg elles at me er Fem-Menningar. Hans
og mi „Tipp-tipp-tipp-tipp –-?-Mor," skriv han, „er
i Skifteboki skrivi „Gitle Knudsdotter" i Staden for
Gitlaug Knutsdotter; ho var Mor til Knut Garborg, Far
hans (Eivind og) Olav, Far hans Aadne, Far hans
Eivind, Far din; same Gitlaug Knutsdtr. var like eins
Mor til Gitlaug Risa, Mor hennar Gitlaug Garborg,
Mor hans Svein i Holen, Far til Mor mi; er ikkje
dette som det var skrivi ut or Sogo?" — Det er det
visst; endaa for meg sviv det rundt helst.
Han granskar i det heile gamle jærske Ættelistur
i seinare Tid, og finn at det paa Jæren er meir
Skyldskap millom Folk enn godt gjer, kannhende. I sume
Ættir ser det daa visst ut til aa ha vorti for mykje av
det; Ættine hev beintfram sjukna burt. Og ymist anna
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>