Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
KN UDA HEI BREV
259
skralt er her millom Folk som kann hava Samanheng
med dette. Eg for min Part undrast soleis paa um
me ikkje her hev ein av Traadane til den gudelege
Sjukdoms-Taatten som i seinare Tid vev seg igjenom
so store Lag av Jærfolke.
D’er kje godt aa vita. No, daa Jønnvegin og ymist
anna hev sett sterkare Straumdrag i Tilvære her, og
fengi upp baade meir Utflytjing og meir Innflytjing,
kann me visst vente ei Uppfrisking i alle Tilfelle.
Men kor som er: Fem-Menning med Torkell
Mauland vil eg gjerne vera.
VI.
Knudaheio 10. 5. 1901.
Du Steinar!
–—■ Det kom att baade Skuletid og Kyrkjetid,
som fortalt er i „Fred".
Stridt var det ofte naar eg skulde til Kyrkja; eg
hadde so mykje heime aa stelle med. Men naar eg
kom til Kyrkja gløymde eg dette. Det vart gildt aa
sitja og sjaa paa Folke etterkvart som det kom inn;
eg kjende dei fleste, um eg ikkje alltid visste Namni.
Ikkje mindre gildt var det naar Presten kom paa
Stolen. For det høvde seg so vel at eg skyna ikkje
Presten vaar. Han hadde liksom Moses eit tungt
Maal, stota og stama og „tala ikkje reint", so ein
skulde vera gløgg um ein kunde skilja Gudsorde hans.
Ingin venta det av meg. So kunde eg med godt
Samvit bruka Augo meir enn Øyro, berre eg sat
noko-so-nær still daa.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>