- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
260

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

260

KNUDAHEIBREV

Og i Kyrkja var der nok aa sjaa etter. Altertavla
med Altare og Blæja var det gildaste; og so var det
Preikestolen ; og Prestalemmen med Prestafruo og
Presta-bodno som var mange og mangeleis laga, süme vaksne
og süme halvvaksne og süme smaae, men byklædde
og fine alle; og Gjentune hadde Hattar paa Lag som
Gutane. Venast var dei minste, totte eg.

Klokkarstolen og Stolane for Medhjelparar og
Skulemeistrar granska eg vel; det kunde hende det var
Framande der, og det stundom fine Framande.
Klokkaren heldt eg serskilt godt Auga med; det var han
som styrde Kyrkja. Han las Bøni baade fyrst og sist,
og styrde Songen, og klædde paa og av Presten, og
song og sagde Amen baade her og der; den fyrste eg
saag var Gamleklokkaren, han fraa Vestly; so var det
Sven Mauland, den fyrste seminarlærde, og til Slutt
Vellesen, som tala fint liksom Prestfolke og noko
seinare fekk Lærarskule paa Thime. Sidan tok eg det
eg kunde faa med av Kyrkja elles; dessverre var Stolen
vaar No. 4 fraa Kordøri og dermed altfor langt framme,
so det var mykje eg ikkje kunde sjaa.

Men eg hev sétt meir enn ventande skulde vera.
Eg kjende til Slutt mest heile Sokni. Enno hugsar eg
serskilt Lensmann Mossige, og Per Mcssige, og Ola
Aarest, og — ja det vart mange, skulde eg rekne deim
upp. Av Lemmane greidde eg den paa vinstre Handi,
der den meste vaksne Ungdomen sat; der hadde eg
alltid mykje aa sjaa etter. Kvinnfolk-Sida ned-paa
Golve hadde eg meir Møde enn Moro av; ikkje kjende
eg mange der, og dei eg kjende kunde eg knapt taka
att, naar dei sat der kyrkjeklædde i Snipp og Huve.
Daa vart Hovudi so lange og smale, og Andliti so
smale og bleike at dei ofte vart reint ulike seg; det var
jamvel stundom berre so vidt eg kjende att Mor mi.
Dei gjekk med Snipp Gjentune med, det fyrste eg min-

Blæja: Ring-Grindi um Altare.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0268.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free