Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
KN UDA HEI BREV
261
nest; men han vart avlagd meir og meir, og kom burt
paa Resten.
Mest Moro var det aa sjaa paa dei gamle Mennane.
Süme var høge og strake og heilt-upp vene. Men
mange var smaae og rare og krokute, med snaude
store Skallar og kvitt eller kvitflekkut Skjegg, og
løglege smaae Nasar med Vortur og Haarflisur, eller med
smaae Haardottar som tøygde seg fram or Nasebori
liksom Bustir; og Andlit med utrulege Rukkur og
Valkar; og Augo smaae og gule eller store og
raud-aa-rute. Dei sovna ofte, desse Gamlingane, naar Presten
kom noko ut i Preika, og kunde daa stundom vera
reint løglege aa sjaa paa.
Presten, Gunnerus, eller Gunnerius som Folk sagde,
var av den kjende Gunnerus-Ætti. I Grunnen var
det ein snild Mann, um han elles var noko „hastig"
av seg; det gjekk endaa Sogur um at han i yngre
Dagar hadde teki paa Folk og banka deim upp, naar
Sinne fekk Magti. Det skulde ikkje vera noko Hovud
paa Gunnerus vidare; dermed hadde han loti taka
Prestevegen endaa han ikkje kunde tala reint. Men
dette med Mæle hans, det gjorde kje noko vidare.
Folk klaga nok yvi at han ikkje kunde messe. Men
Vaarherre hadde gjevi oss Gunnerus, og so fekk me
vera fornøgde med Gunnerus. Vilde ein høyre Messe,
kunde ein fara til Nærbø eller Klepp. I Klepps-Kyrkja
fekk ein dertil høyre serskild god Preike; Presten der,
Presten Moses, tala so vent. Det var elles lengi fyrr
eg kom dit; han Far meinte me skulde halde oss til
vaar „egen Forsamling", og ikkje flakke um „ettersom
Øyro klaadde". Eg fekk likevel høyre Moses nokre
Gongir: og eg maatte segja han var framifraa. Det
lette rike Bass-Mæle hans hugsar eg enno. Av
Prei-kune kjem eg i Hug nokre Ord som han ofte kom att
med og fekk til aa klinge serskilt vent, helst i Enden
av Setningar: „i Upprigtighed og i Sandhed"; Orde
paa Resten: til Slutt.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>