- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
262

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

262

KNUDAHEIBREV

„op" ut-tala han med opin u. Det var storfagert; eg
vart reint tekin med.

Elles heldt Folke seg til Lækprestane, naar det var
Orde dei vilde høyre. Og betre og betre kom Folke
til Lags med Gunnerus; dette kom vel og mykje av
at han hadde slik ei snild og folkeleg Frue. Gunnerus
var Prest paa Lye alt til han døydde; det er den siste
Presten som er gravlagd ved Thime-Kyrkja.

Takk for Brev!

Ille knurrar du yvi Bøkane vaare i seinare Tid; du
er nøydd til aa lesa deim no, stakkars Krok, um det
her og der skulde vera eit norskt Ord i deim. Men
Suttr-og-Sorg er alt ihop, tykkjer du, og Samvit og
Magaverk og Stoppels. Hadde du kje ’n Aasmund
Vinje aa trøyste deg med, so kom du til aa hengje deg
tvert upp, trur du.

Kva skal eg segja? Der er vel altfor mykje i det.
Men du fær trøyste deg. Dei er kje stort gladare i
sjølve det glade Paris no, dei som skriv. Ein av dei
nyaste der skal jamvel ha sagt, at kann han kje med
si næste Bok faa minst tie av high-life-Lesarane sine
til aa kölrøykje seg ihel so vil han kje skrive meir;
gjev han heldt Ord. Kvar Devel vil hava sin Maanad,
som du veit; ein fær taka det med Töl og suge paa
Labben. Les Vinje naar det vert for stridt; og lat
elles Verdi surre!

Med meg er det betre no. Eg tok meg ein Svelg
Opium her ein Kveld; tenkte som so: breste eller bera!
Tri Dagar sov eg etter det; og dermed er den verste

Suttr-og-Sorg yvistridd for denne Gongen, trur eg.–

*



folkeleg: med god Folkeskikk; „dannet".

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0270.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free