Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
268
KNUDAHEIBREV
I Aari kringum Konfirmasjonen samla Draumane mine
seg meir og meir um det som daa var det gildaste i
Lande: eg vilde vera Diktar. Ikkje nokon Kingo
lenger; kven brydde seg um Kingo. Nei; rett Diktar.
Og no vart det Ibsen eg hermde. Han raadde rneg
til dess eg vart so vidt vaksin at eg saag kva det galdt,
um eg skulde bli anna enn Etterskrivar: aa finne meg
sjølv og det som mitt var.
Konfirmasjonen kom. Med sine Sutir.
Eg hadde stræva med aa hugvende meg so ofte og
so vel at eg visste det nytta ikkje. I det heile var
det faafengt aa „vilja" umvende seg. Me kunde ikkje
vilja noko godt. Me var vonde og vilde det vonde.
Berre Gud kunde hjelpe her. Men so laut ein og
vente paa Guds Time. Det fanst ikkje onnor Raad.
At eg skulde lova meg til Gud no, det fekk dei svara
fyri som tvinga meg til det.
Segja Sanningi til deim? — Til ’n Far torde eg
ikkje segja Sanningi. Og til ho Mor ... ja ho vilde
staa likso raadlaus som eg. Dessutan. Dei hadde Lovi
yvi seg, dei med. Vilde ein gjera det rette her so
var det Tukthuse. Her var inkje aa gjera.
Eg laag og tenkte yvi dette endaa ein Gong, Natti
fyrr eg skulde aat Kyrkja.
Forunderlegt med denne Konfirmasjonen. Det var
korkje Gudsböd eller Apostelbod; berre eit
Prestepaa-fund. Men desse stakkars Foreldri som vel svært godt
visste, for det meste daa, at dei sjølve den Gongen
hadde logi for Gud, — dei var sidan so serskilt
upp-sette paa aa drive Borni sine ut i den same Lygni.
Og Konfirmasjonen kom nettupp i den Tidi daa
Ungdomen tok til, og ein hadde so reint for mykje anna
aa tenkje paa. Plent i same Stundi som det verdslege
kom veltande inn-yvi ein stakkars Ungdom med all si
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>