- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
277

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

KN UDA HEI BREV

277

Men det han var med paa, det var han med paa. For
han vilde det han vilde.

Dei som hev havt ’n til Lærar er serskilt glade i
Minne hans. Han var av dei gamle gode
Skulemeistrane; vart ikkje det Grand Seminarist av
Lærarskulen, der han gjekk eit Aars Tid. Ingjebrett vart
verande den han var, Skulemeistar og Arbeidskar,
heimkjær og uteglad, hugheil i alt han tok seg til,
anten so han stod paa Lærarstolen eller i Torvgrövi.
Men „hjaa Lomeland’en paa Fosse" lika han seg best.
Og gledde han seg i Garden han skulde faa, so gledde
han seg ikkje mindre for at Gamlingen heldt so godt
ut; det var au ein Hause, gamle Lomeland’en. Og
alltid fornøgd; aldri modlaus. Ikkje mindre greide og
huglege var dei alle der i Huse; ein kjende seg so
heime der. Det er eitt av dei Husi eg dreg meg til
Minnes naar Trui stundom vert veik; soleis er det
norske Folke me drøymer um; og i Tidir som desse
er det godt aa hava godt aa minnast.

Eg hev den same trygge gode Heimkjensla paa
Hognest, med alt som elles hev skift. Eivind og eg
er endaa i sume Ting samrøynde ; han fortel meg, at
daa han var ferdug med Skulen var han um Lag likso
ut-galin som eg. At Skulen her hev noko Skuld
neg-tar han ikkje. Men han trøystar meg med, at noko
av Skuldi for denne Utsjuken fær vel „Vikingblode"
hava. Han var som eg Gard-Erving og Odelsmann,
og hadde ikkje, som eg, noko heime som tyngde eller
skygde; det var berre som ei „Uro i Blode". Som
vel var laga det seg so at han ikkje kom ut so snart
som han hadde tenkt. Huglaus og modlaus gjekk han
daa heime og stræva med dette Arbeide som hadde
vorti so reint framandslegt for han; og til Vaaren
komande vilde og maatte han ut, so sant som daa
Hugen ikkje reint skulde snu seg.

Men Hügen snudde seg. Eivind Hognestad kom i
Arbeidslag att, og tok paa nytt til aa kjenne seg heime.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0285.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free