- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
278

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

278

KNUDAHEIBREV

No er han ein med dei fremste Jordbrukarane me hev.
Og jordbrukskunnig, so jamvel dei skulelærde tek Hjelp
av hans Umtanke og Røynd. Og endaa hev han ikkje
vori paa annan Jordbruksskule enn den som Far hans
heldt for ’n heime paa Hognest. No skynar han at
der kann vera meir aa lære gjenom Jordarbeide, og meir
Hugnad i det, enn der vel for det meste vil vera i
Skulegnag og Kantorstræv.

Dette vil fleire og fleire koma etter, di meir
Ungdomen med heil Hug vaagar seg paa Jordi att.

VII.

Knudaheio 23 5. 1901.

Du Steinar.

Du skriv um Ordboki.

Ja; det vert nok anna til Basketak enn me tenkte.
Det er fyrste Gongen som kostar, veit du.

Sjølvsagt hev du funni ut at du ikkje er „Mannen".
Kven Dunderen er Mannen? Det maa vise seg naar
Arbeide er gjort. No er du i den Kreppa. So
eider kje anna aa gjera enn aa „putla og grava" til dess
du paa skikkeleg Maate kann koma ut att.

Du er Mannen. Det fyrste Vilkaare for aa greide
eit Arbeid er: aa sjaa Vanskane. Det andre er: sjaa
Vanskane og ikkje gjeva upp. Aa gjera ei Ordbok er
vrangt. Og femtan Gongir vrangare er det aa gjera ei
Ordbok fraa nyom. Aa laga Ordbok yvi eit nytt
Skrift-maal vert alltid „Develskap". Dermed gjer eg mitt
Utdrag: Du ser Vanskane; du murrar og knurrar men
gjev ikkje upp; i 1905 talar me um Resten.

— Noko lett Arbeid var ikkje ventande. Eit Maal
som hev vori boklaust i 500 Aar treng lang Dyrking,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0286.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free