- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
284

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

284

KNUDAHEIBREV

som hadde fengi Magti med ’n hadde gjort ’n framand i
hans eigi Hus, ja gjorde ’n framand for seg sjølv til
Slutt, lyt eg vel segja. Og framand gjekk han or
Verdi; Son hans maatte verte gamall sjølv fyrr han
lærde aa skyna det Syrgjespele som Live hans Eivind
Garborg vart.

Mitt Liv søkte eg no ute. Og fann det paa ei Vis.
Ikkje i Skulen. Aldri hev eg vori so like glad um
Skule og Bøkar som i dei Aari. Hadde eg ikkje vori
so glad i Lærarane mine som eg meir og meir vart
— Fyrstelærar: Thrane; Andrelærar (no Prest i
Kristiania): H. Arnesen; Tridjelærar: Skjefveland,
Jærbu som eg; Lærar i Skulehaldskunst: A. M.
Feragen —, so hadde eg forsømt Skulen endaa meir
enn eg gjorde.

Paa reint andre Leidir søkte eg Live no. Og ikkje
lite faarefull var Ferdi. Sjeldan hev vel ein Ungdom
vori mindre fyribudd paa Live enn eg var; og um det
ikkje gjekk godt, so fær eg trøyste meg med at det
kunde gjengi verre.

Ja det kunde gjengi verst. Reint aalveltes kunde
eg ha køyrt meg. Det gjorde eg elles i Grunnen au.
Men um du vil gjeva meg Lov til aa segja noko so
umoralskt: daa det kneip som verst, var det ei Lygn
som frelste meg.

Lykka var at eg ikkje kom til By; Lærarskulen laag
enno i ei Landsbygd. Felagane var au Lands-Gutar for
det meste; i øvste Klasse sat jamvel Torkell Mauland.
Dette hev vori meg til meir Studnad enn eg skyna daa.

Men lett Gods fanst det jamvel i denne Flokken.
Og til den Sida søkte Gutungen, som etter den lange
Innestengjing lengta etter „Fridom" og Liv. Eg kom
ikkje lite paa Drift, um eg sant skal segja. Endaa eg
i det ytre laut taka meg i Agt, og tok meg i Agt, so
godt som eg hadde Vit til.

Tvo vonde Ting hindra meg fraa aa koma ut i det
som verre kunde vori.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0292.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free