Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
KN UDA HEI BREV
285
Den eine av desse vonde Ting var ein god Ting.
Det var Fela.
Den hadde lokka meg fraa mi fyrste Tid. Eg hugsar
det enno; ikkje stort meir enn ein Neve stor sat eg
i Danseleikar og Bryllaup og klengde meg inn til
Spélemannen reint ør, burte fraa alt, troll-tekin av
Fela. Ein ung Spélemann tente hjaa han Aasmund
Garborg eit Bil i mine fyrste Aar; han hadde Fela si
hengjande paa Stogu-Veggen der; og det var ikkje
mange Dagar i den Tidi at eg heldt meg: eg maatte
inn-um hjaa ’an Osmonn og „sjaa Felo". Etter
Konfirmasjonen var det vel noko-so-nær mitt fyrste
„Vaksne"-Verk aa faa lure til meg — ho Mor hjelpte
meg visst — ei gamal Skarvefele som eg sidan gøymde
der eg fyrr hadde gøymt Romanbøkane; sat so sidan
i Buakammerse og knega paa den naar det var „trygt",
liksom eg fyrr hadde legi og lesi „Paris’s Mysterier".
No var eg vaksin Kar og „fri"; fekk meg daa Fele
so snart som eg berre kunde. Han Andreas Solberg,
næraste Grannen, og sjølv Spélemanns-Emne, vart
Læraren min; han kunde eit Utal med Dansar, Vals
og Hamborgar, Rilar, Turar og kva det alt heitte. So
sat eg med Fela og gnog jamt og samt. Lærde kje
stort; sumla burt mykje Tid; Fela vart soleis for meg
ein „vond Ting"; men ho heldt meg burte fraa mangt
som verre kunde vori.
Mest til Frelse for meg vart likevel mi største Synd:
eit fritt Hjonskap eg kom upp-i. Og her kann eg
knapt orsaka meg med Kjærleik dessmeir; eg fær vei
helst segja „Lettlynde". Dette siste Orde vil elles
ikkje heller vera rett. For daa eg godt og vel var
„gift", kom eg etter at eg var glad i Gjenta.
Men mangt gav dette syndige Samlive meg aa tenkje
paa. Det skulde vera ei Himil ropande Synd; og eg
— angra ikkje. Slett ikkje. Endaa verre var det
med henne; skyna eg rett, so hadde ho ikkje so mykje
knega: gnika; „gnide". — Hjonskap: Ægteskap.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>