Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
KN UDA HEI BREV
291
Ho var ikkje lite upp-i Aari, men like frisk og lett
for det. Og paa sin Maate likso ven som Dotteri.
Ho var av desse gode gamle fyrr i Verdi som vart
verande unge mest kor gamle dei vart. Kvendi no
hev lesi mykje meir. Men dei er kje so glade.
Daa eg var vortin heimekjend paa Snörest var det
berre gildt aa gaa og gjæte der inn-i dei tronge
Stein-dalane upp-imot Sikvalands-Kulo. I Grunnen var der
Liv i alle Fjell. Og naar eg for stilt, og ikkje skræmde
dei underbuande, so kunde eg drive paa med mangt
til Tid-Trøyt dei Stundine Smalen gjekk roleg eller
kvilte. Eg bygde Stogur og Kvernhus. Og leita etter
Fisk i Bekk og Tjørn. Og kleiv i Urd og Ufs og
fann Blomar og rar kvit Stein, og stundom Bær, og
drøymde lange Eventyr um Dvergar og Troll, eller um
Kjempur og Kongar som eg fann liksom avteikna paa
ein fin Bergvegg burtimot Sikvalandskulo; det Berge
vart „Riddarborgi". Dei stod tydeleg der, desse
Herre-mennane, og ei byrg Dros med, i store fagre Salar
burt-etter Bergsida; og di meir eg saag paa deim, di
skillegare vart dei.
Nakne, avslipte, sundsprengde stend Fjelli her, um
ikkje so reint avfilte og ned-slipte som Bergbröti
sud-paa Ogna-Kanten; Skortune er klædde med Mose og
fint Fjellgras eller Lyng. Eit Par Smaabjørkir eller ei
Raunkrøkle kann ein stundom sjaa upp-under ei Ufs der
Smalen ikkje naar til; elles er der allstad naki, no
kannhende vel so naki som i mine Gjætar-Aar.
Elles er det som eg kunde ha gjengi her og gjætt
alltid. Og rett som det er gaar eg at eg stig so vårt,
plent som eg var rædd eg skulde vekkje eitkvart. Ja
at eg jamvel dreg Anden stilt. Eg smiler med meg
sjølv. Andar sterkt ut; trampar med faste Stig; me er
daa kje rædde Trolli no lenger! Eit lite Bil etter
gjeng eg vårt og stilt som fyrr. Naah! Gamall Vane
er vond aa vende.
Dros: Dame. — skilleg, tydeleg.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>