- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
292

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

292

KNUDAHEIBREV

Soli fær Magt. Eg gjeng og lyder og lyder. Ikkje
heilt roleg; ikkje fullt trygg. Hu, denne Stilla. Dreg
det upp, tru? Tøv. Klaart og fint all Stad. Labbe
paa, Farrl Men stilt stig eg paa Steinane; og eg lær
ikkje aat meg lenger. Herre Gud. Naar alt kjem
ihop so hev me kje mykje aa læ aat.

Ugreid er Vegen; eg hev vel fari villt. Upp bér
det i Bergskortur og ned-att i Myrsig; stundom ser
eg yvi Tungenese til Havs; stundom er eg reint
innestengd. Myr og Tjørn og Steinhausar kvar eg snur
meg. D’er kje alltid lett aa finne gamle Vegar
att. Endeleg. Lov og Pris. Der er Snörest-Kulo.
Med den store svarte Berghella øvst uppe som
ein Kalot paa halv tolv. So er eg berga. Og snart
framme.

Heimvollen paa Snorest var full av Stein, fraa Vatne
nedst og upp-etter mot „Kulo". Men Gras vaks fint
millom Steinane. Tett, mjukt, saftgrønt.

Her er Tjørni nordan-um Kulo. Ho ligg halvt som
ned-grodd i Lyng; ørliti; draumfin. Enno grønkar og
kvitnar det yvi den svarte Vatstrømen nordunder
Berghamaren med Nykkjablokkur og Nykkjablom. Tenk,
ligg du enno her og drøymner din Nykkjadraum, du
gamle innestengde Troll-Tjørn.

So er det berre Svingen inn ikring Kulo; Garden
ligg i Solbakken mot Sud. Her er Snörest-Myri.
Ovanum den, att-under Træe-Fjelle, er den gamle
Smala-Garden til Sümarbruk. Derifraa gjeng Vegen
den bratte Bakken upp-yvi aat den tronge Bergporten
som fører aat Marki. Her er eg kjend. Stein, Stein,
Stein. Litegrand grønt, fin-fint Smaagras inn-imillom.

— So Svingen inn; der er Sn –

Kva-slag? —

Heime-Huse burte. Ned-rivi; av-køyrt. Ein ser
kvar det stod.

gaa (aat): verte vår; merke. — Blokke (Blödke): Blad.
— Nykkjablom: nymfæa. —Garde: Fold; Kvi.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0300.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free