- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
293

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

KN UDA HEI BREV

293

Løo er att enno. So vidt. Ein ser tvert igjenom ho.
Opne Dørir og halv-opne Veggir. Men ho stend daa.

Det same stødt! Inkje i Norig stend trygt utan
Fjelli. Lat meg vera glad so lengi dei stend.

— Audt og daudt var det paa Snorest. Garden
øydd; Gard-Tuften rømd. Den gamle Vollbakken laag
der med Steinen sin og tagde Gravsongen. Vatne der
nede svartna svævt og burtdrøymt og hadde gløymt alt.

Eg sette meg paa ein Stein med Ryggen til den
nækte Tufti. Det var meir Liv i den tome gamle
Smalagardcn no.

Gamle fordrøymde Snorestad. Smalaheid vart du,
og er no berre Smalaheid. Og høyrer til under
Grannen, kann eg tru. Som Norig paa Lag. Ja, ja. Det
gjeng so med oss Smaafolk.

Eg sit og kviler eit Grand. Ris so og tek Vegen
aat Marki. Vil gange upp-att Gjætarvegen min. Er
her ikkje Folk fær ein helse paa Trolli.

Upp Træebakken ber det aat Skare. Og gjenom
Skare. Der innanfyri stend Sikvalands-Kulo. Gud
have Takk; den er som ho var.

Høg og breid lyfter ho seg upp yvi alt med sin
fir-kløyvde Kamb og øvst uppe eit breidt Toppverk som
samlar seg til Krune. Øvst paa den ein Varde til
Kross. Han lyfter seg mot Sky og varslar yvi Hav:
Jæren!

Mine Fjell er dette; eg kjenner deim att so vel.
Lange, sprengde, rundkvelvde byggjer dei seg Høgd
yvi Høgd og Koll yvi Koll, samanbundne med lange
lægre Ryggir. Lyngdalar inn-imillom; og Tjørnir; og
Myrflæe. Stundom Rundingar millom Berg-Armar som
store Troll-Tun. Veldigt hev Mjølnir dundra her.
Med Eldingar til Gneistar fraa Trollskallar som
stein-gjekk.

Stein, Stein, Stein. Krokut og trongt; fyribygt og
stengt; Lyng-rabbar og Myrflekkir og elles Berg; Stein

svævd: „søvndysset". — nækt: gjort nakin.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0301.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free