- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
294

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

294

KNUDAHEIBREV

yvi alle Botnane; her og der Urdir. Jutullsteinar paa
Ryggir og Berg. Stilt; svævt; burtgløymt. Ein
Stein-heim.

Berre den eine smale lange Dalen paa høgre Handi
attunder Sikvalands-Kulo gjev Minningar um Liv. Og
her ser eg lenger inn-igjenom. Inst inne blaanar dei
fine Fjelli der eg ein Gong hadde Gudeheimen min;
dei liksom glid av inn-i Austhimilen. Enno veit eg
ikkje kvar desse Fjelli høyrer til eller grensar av. Lov
og Pris for det. So stend dei trygge der i Blaadagen
sin som ei Vakt, og stengjer for det endaa blaaare og
ljosare som eg ikkje kjenner.

— Kva er i Vegen, tru? Høg er ikkje den
Berg-Rabben der eg hev lagt meg, og bratt er han ikkje;
men eg kann ikkje slaa meg til Ro. Ligg og
halv-svimrar, smaa-svimrar; held liksom fast paa meg sjølv,
at eg ikkje skal glide, rulle . . . Aa; det er denne
Jærbu-Hausen som svimrar so snart han er millom Fjell.
D’er snodigt. Verre Høgdir hev eg fari, og kvilt i
Ro paa styggare Stup; men her kjem det gamle upp.
Roleg, roleg, Blakken!

Kva kann det vera for noko, det raude, raudbrune
som rører paa seg der inn-i Steinheimen lengst inn-i
Dalen? Gygrir? Trolldøtrar i Koparkjolar? Aa, det
er Kyr. Godt Fjellvér i Dag. Büje likar seg.

Dei myrkblanke glimande Tjørnine dreg Augo mine.
So mjukt ligg dei og blenkjer og skin att-under
Fjell-veggine. Inst inn-under Kula, halvgøymd, med ein
Bergknaus paa den eine Sida og ei Ufs paa den andre,
glimar det fram ei serskilt ven Tjørn. Avstengd,
av-gøymd ligg ho der; ein rein Fredheim millom
Berg-Aasar. Godt og trygt vøre det aa kvile i ditt Fang . . .

Er det slikt dei tenkjer paa, tru, dei tvo som stend
der inne? ovanum Tjørni, upp i Bakken? — Dei hev
vel elles anna aa tenkje paa, dei. Er det Folk? — ei
ljosklædd Gjente med kvitt Skaut; ein blaaklædd Gut
hev lagt Armane um henne; men so hev han vorti

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0302.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free