Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
KN UDA HEI BREV
295
rædd; hev høyrt noko; vil ifraa henne att; men ho,
Tulla, høyrer inginting; legg seg berre tyngre inn-i
Armen hans . . . Det hev vori Troll-Ungdom. Dei
møttest att-um Kongsborgi ei Midje-Natt; hadde for
mykje aa segja kvarandre og agta kje Tidi. So rann
Soli; og so var det for seint. Der stend dei. Arme
Ungdom. Du renner deg so lett fast.
Men Riddarborgi mi? Ho laag her nede; og den
skulde eg daa kjenne. Det vesle svarte raudsprengde
Bergskramle der? Aa langtifraa. •— Jau! — Det maa
vera det. Her er kje noko anna. Hm. Vert sjølve
dei norske Fjelli gamle no? Kvar er mine staute
Hérmennar? Og Drosi den gjæve? Og Herresalen
med duka Bord? — Burte, burte. Svart, svart. Heile
dsn vene Tavlesida sundsprukki. Nedramla. Synd og
Skam. At ikkje Fjelli kann staa dessmeir. Hyss. Der
er visst noko. Ein Hjelm? Ja. Og under Hjelmen
— ja; der er eit Hovud. Aa, der er meir. Breide
faste Akslir; heiltupp ein Goliat. Ei Kufte . . . som
gjeng til Mjødmine. Um Live ... eit Belte. Men
inkje Sverd. Rart. I det heile . . . nedan-um Kufta
—; aa langt-ifraa. Jau. Desverre. Det er Skam. Men
det er so. Nedanfor Kufta hev Kjempa Stakk. Ein
gild, god Stakk. Trøyste oss. Gjeng det slik med
Kjempune vaare . . .
— Vas. Kva ligg eg her og tullar etter. Klokka
er fire — —
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>