- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
296

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

296

KNUDAHEIBREV

burt og hoggi ned og brent upp og snøydt av; alt som
grodde og vaks gjorde me Ende paa, og held paa med
det enno; dei siste Skogflisine i Lande høgg me til
Pittprops no og sliper ti! Tremasse. Gjev eg var
Vaar-herre. Fyrr næste Morgonsol steig skulde all denne
avskolla Steinen og alt dette bustute Lynge og alt dette
sjuke bleike Myrgrase vera burte, gøymt under ei grøn,
kongeleg Barkaape.

Men eg tenkte meg um og sagde: nei. Eg vil ikkje
vera Vaarherre. Kom Vaarherre og gav Folke Skog,
so vilde Folke gjera som det gjorde sist: hogge Skogen
ned og brenne ’n upp og ikkje segja so mykje som
Takk for vel gjort.

Nei. Sjølv maa Folke dyrke Skogen. So det lærer
aa skyna kva Skog er. Kann Folke lære so stor ein
Ting? Svara kann ingin. Det hev teki til aa røre paa
seg so smaatt. Men naar det er noko som ikkje vert
ferdugt paa eit Par Aar, so plar Nordmannen misse
Mode.

Ein gamall pinefull Tanke vakna i meg: Lande ligg
og ventar . . . paa eit Folk som kann bruka Lande.
Me som no hev det kann ikkje. Me hev aldri havt
nokon Arbeidshug. Vilde berre liggje i Viking. Og no

er det raadlaust reint. Heimhugen er burte . . .

*



Seinare.

— — „Raadlaust?" segjer Eivind Hognestad. „Me
skal vel ikkje tru det heller. Snart gjort vil det ikkje
vera aa faa Skog paa Jæren. Det er visst nok. Lett
gjort vil det ikkje heller vera. Men no hev me daa
teki til so smaatt. Og me fær tru at Framtidi ikkje
vert altfor stutt for oss."

Eg tenkjer med meg sjølv; Tölmod er ei Dygd. Og
Vaarherre have Takk; her er Tolmod paa Jæren.

„Taalmodighed behøves," song dei yvi han Far, daa
han siste Gongen skulde aat Kyrkja. Eg tek meir og

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0304.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free