Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
KNUD AH EI BREV
297
meir til aa skyna det Orde. Me Papperfolk ligg og
glefser og gøyr og hev slik ei Hast. Fort, Fort!
Fen-den i Vald, men fort! — for Verdi stend kje til Paaske.
Eg maa heim att. Eg maa bli Jærbu att. Eg maa
lære upp att det, at „Taalmodighed behøves."
Eivind Hognestad tek til aa f o r t e 1 j a meg um
Skog-plantingsarbeide paa Jæren. Dei er komne so smaatt
i Gang med det no. Men du endelause Æve og Tid
enn alt det som var aa vinne yvi fyrr dei berre kom
so langt at dei fekk taka til med det. Og du Tid og
du Endeløyse enn alt det som hev vori aa vinne yvi
og er aa vinne yvi for kvart minste Stig ein skal
müna seg fram! Du trur det ikkje; ein trur det ikkje;
det er ikkje til aa tru; det er berre sant; det fær dei
finne som strævar med det. Det gjeng, fær me tru.
Det maa gange. Det lyt gange. Det gjeng vel til Slutt.
Men du Æve og du Tid; Töl trengst. Taalmodighed,
Taalmodighed! — behøves.
Alt er imot. Alle er imot. Jærbuen fyrst og fremst.
Det hev kje vori Skog her, og det vert ikkje Skog her.
Ha-ha; haa-haa. Verdens Visdom er GUd en
Daar-lighed. Og Stortinge, ja. Det hev so endelaust mykje
anna aa gjera. Og her er so endelaust mykje anna
her i Norig aa laane Pengar til.
Men Vestlendingen er seig. Han ser det vil taka
Tid. Lang Tid. Dei andre maa hava sitt fyrst. Alt
det andre maa gange fyrst. Men Vestlendingen, og
ikkje minst Jærbuen, han pötla og grev’e so smaatt,
han. Krev ikkje stort; kva kann det nytte. Berre
litegrand til Hjelp. Attaat det vesle han sjølv kann
skrapa ihop, kannhende. Og til Slutt, — til Slutt fær
han litegrand! Og ein og annan av dei store tek til
aa tru paa det at Jær-Heidane kann bera Skog. So er
det daa so vidt han kann faa freiste.
Eg fær høyre mykje um det Stræve dei hev havt.
Og meir fær eg lesa. Det er Bladstykke, Søknadar,
Smaabøkar, mangt Slag, som Eivind Hognestad laanar
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>