Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
298
KNUDAHEIBREV
meg. Eg les. Og spyrr um det som eg ikkje fær
Samanheng i. Talar med fleire som hev havt med
Skogsaki aa gjera. Etterkvart gryr det for meg. Og
eg skynar at her vil turvast anna enn Ord.
— — Det saag smaatt ut lengi. Den Mistru og
Lathug som alltid legg seg i Vegen for store Krav,
den berre flirde aat Skog paa Jæren. Skogtanken var
jamvel syndig. Vaarherre vilde ikkje hava Skog her;
hadde han det vilja, so hadde han sjølv lati Skogen
vekse. Ein av Fyrigangsmennane for Skogsaki,
Lensmann Nordheim (av Mossige-Ætti), hev fortalt meg um
dette; dei hev i det heile havt nok aa høyre paa i den
fyrste Tidi, dei som vilde gjera Skog paa Jæren til
meir enn Ord. Sliktnoko som alle desse Røtane i
Torvmyrane, det var noko som lite toldest nemnt; for
dei synte altfor vel at Vaarherre var skuldfri i dette
Stykke. Eit stort Arbeid er nedlagt her, og eit stort
Tolmod er vist; dei som hev teki dei fyrste tunge Taki
vil minnast lengi.
Den Skogen som er sett tek til aa vekse og vitne
sjølv no. Og det ikkje berre inn-med Byen eller ikring
Sandnes, men ut-etter dei svartaste Lyngheidane paa
sjølve det syndetungaste Jæren. Um det no ikkje
all Stad hev gjengi like godt. Folk tek til aa sjaa dette;
og fleire og fleire skynar at her er ein Framveg lagd.
Fullrøynt og avgjort er det no at Skog kann vekse
paa Jæren. Og det um Jordi er so arm og skrinn som
ho nokon Stad kann finnast. Dei Prøveplantingane
som i 1863 vart sette i Gang — paa Gruda i Klepp
og Nesheim og Hobberstad i Haa, d. v. s. paa det
vér-hardaste og vindstridaste Jæren og paa Jord av armaste
Slag, sumstad berre Aur og Lyng-Rusk, og so dei svære
Havstormane beint inn —, berre desse Prøveplantingane
hev vist at Skog veks all Stad. Og endaa var dette
dei fyrste Freistingane, med innførde Plantur og uøvde
Folk. Dei vrangaste Vilkaar som tenkjast kunde. Men
med Tilsyn og Etterplanting hev det greidt seg.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>