- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
299

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

KN UDA HEI BREV

299

No gjeng det mykje lettare og tryggare. Me hev
fengi Planteskule paa Jæren; Plantune derifraa er vane
med Ver og Vilkaar her alt ifraa fyrsto. Det verste
hev dei klara no, desse gjæve Mennane som vaaga seg
i Gang med det vonlause. Og Folke, som fær sjaa
no at Vaarherre ikkje hev noko imot Skog paa
Jær-heidane, tek til aa koma med. I 1868 vart det fraa
Planteskulen selt for 14 — fjortan— Kronur i Smaatre
til Utplanting; i 1896—97 vart det selt for 6 260
Kronur; sidan hev det auka jamt.

Skogsaki er i det heile i Framgang i Lande. Me
hev seks Planteskular no, fraa Farsund og nordyvi til
Bodø. Det er lite men betre enn inkje; og fleire
kjem etter, um Rikskassa ikkje altfor mykje vert Fant.

Og fram, fram maa det gange. Norig held paa aa
avskogast. Serleg er dette Røvar-Arbeide komi i Gang
no, daa dei hev teki til aa slipe „Tremasse". Og med
ei Lovgjevingsmaskine som er i Gang Aare rundt, hev
me enno ikkje som andre Land fengi Lov um
Nyplan-tingspligt for Skogrøvarar. Det gjeng atter-ut med
Skogen i Norig enno. Men er me paa 40 Aar naadde
so langt som til hit, lyt me vel tru me kjem lenger.
Ja at me til Slutt kjem so langt som andre Folk1.

VIII.

Knudaheio 3. 6. 1902.

Du Steinar!

Det er kaldvori i Aar, og helst ser det ut til ein
Regn-Sümar.

Hulda og eg køyrde fraa Bryne til Undheim i full
fraa fyrsto: fraa fyrstunde.

’M. A. G rude: „Om Skovkultur" (Sandnes 1898) gjev
Greide paa Tilstande med Skogøyding og Skogplanting paa Jæren
som elles i Norig.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0307.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free