Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
300
KNUDAHEIBREV
Vinterbunad og fraus so me skalv; det var i Slutten
av Mai Maanad. Og enno er det so, at eg maa hengje
paa meg alle dei Fillune eg eig, naar eg skal vaage
meg aat Skriveborde. Som er ei Ain langt og attan
Tornar breidt . . .
Hulda? Ja; ho var her nokre Dagar; ho skal til
Færøyane. Ut i Atlanteren, paa Golfstraumen, der ho
no snart ligg, vil det vera lognare, fær eg tru . . .
Golfstraumen? Færøyane? — Ja bia no litegrand.
No skal du trast faa det.
Hulda hev vorti so glad i Folkevisune vaare. I det
me hev av deim daa; for du veit at ei heil Mengd av
deim ligg uprenta paa tvo Professorloft og vert der
liggjande til Verdi øydest. Men lat oss takke til at
me fekk Jørgen Moe og Landstad og Ross fyrr Verdi
vart altfor lærd; i det heile skal ein „nøies med hvad
man har faat", som Diktaren segjer.
Ho hev elles aldri brytt seg um Folkevisune, ho
Hulda. Det er Nordmanns Vis; kva skal me med slikt,
naar me hev Gluntarne og Schubert? Men so hende
det noko her um Aare: Thorvald Lam mers tok til
aa kveda Folkevisur. Denne store Songaren med sin
magtfulle Kunst og si rolege Kraft var som skapt og
send til aa ny-reise denne herlege Dikting. Og millom
deim som vart tekne av Folkevisesongen var Hulda.
Visune fekk Liv, og Magt; større, fagrare Tidir vakna
gjenom deim; skulde det vera reint raadlaust aa faa
denne Songen upp att?
Det vart stundom nemnt noko um „Færøydans";
den skulde eikorleis hava Samanheng med Folkevisur.
Men ingin i Norig hadde Greide paa Færøydansen.
Me hev gløymt vaare Ut-land som me halvt-um-halvt
hev gløymt oss sjølve. Men so kom Hulda ifjor til
København. Der fekk ho Tak paa eit üte Skrift um
Færøydansen av Hjalmar Thüren. Og freista, daa
ho hom heim att, aa setja upp ein slik Dans. Det
eikorleis: „paa en eller anden Maade".
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>