- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
301

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

KN UDA HEI BREV

301

gjekk ikkje verst. Men meir og meir skyna ho at ho
maatte sjaa Færøydansen; og Johs. Pattursson,
Riksdagsmannen fraa Færøy som ho raaka i Kristiania
ein Gong, gav henne same Raadi. So fekk ho Greide
paa Færøy- og Islandsbaaten „Egil"; og i Aar bar det
i Veg.

Gjev ho maatte faa Tak paa denne gamle gjæve
Riddardansen. Og gjev ho fekk hjelpe til med aa
vekkje ’n til Liv att her! Desse Sveivedansane fraa dei
Ludvigske Ho— hm, Konge-Husi i Frankrike i den
siste rotnande Kongetidi er lite verde aa raade
Grunnen millom norske Fjell, og minst til aa raade
Grunnen aaleine. Dei staute gamle Folkedansane, og
Song-dansen som ein Gong gjekk fraa Norig til Færøy og
no gjerne kunde snu hit att, vilde saman med
Folke-visur (og ny Visedikting?) skapa eit Sellskapsliv i
Bygdine som vart noko anna enn den Fantemoro med
Brennevin og Rundvalsing som dei no driv, og som

dei vel meir og meir tek til aa skjemmast av sjølve.

*



Det er noko tomvori her i Knudaheibakken.

Eit lite Bord hev eg som eg hev fengi laant; det
maa vera Skrivebord. Til Matbord brukar eg
Kjøk-Benken. So hev eg ein Stol; den er Kantorstol inne
og i Kjøken Bordstol; til dette skiftest han elles med
ei lita tom Varekasse der ute. Det einaste eg hev som
er Namn verdt er ein av dei gode gamle Jær-Stolane
med Sæte av Sévfletning og høg Spile-Rygg, og dertil
med Ruggestols Gjenge; den brükar eg til Høgtidsstol,
og stundom til Sovestol; eg fekk ’n til Knudaheibakken
av Frk. Kitty L. Kielland. I Staden for Dragkiste hev
eg det gamle grøne Skuleskrine hans Far; og det er
heller stort, daa han vel au hev nytta det til
Hand-verkskiste; det hev fylgt meg fraa Garborg og skal her
faa slaa seg til Ro. Langbenken burt-under Vindaugo

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0309.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free