- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
302

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

302

KNUDAHEIBREV

er Sofabenk naar her kjem Framande; til Sovebenk
hev han au vori nytta; men den som skal sova der
maa ikkje vera mager. Sove-Rome mitt hev eg ut-i
Köven — Glas-Köven fær eg vel segja; Köve med
Glas skal heite Kammers, segjer Mauland; men
„Kammers" er fælt —; Sengi er tri Fjølir som er slegne
upp millom Langveggine ved Tverveggen inst inne, den
som skifter millom Soverome og den søre Torvskuden.
Det eg hev mest av her er Rom; og Utsyn. Ein
fram-ifraa gild Kjøk hev eg au. Men Vatn —; naah; eg
hev Tjørni.

Men liver eg nokre Aar, so vert her nok i Stand i
Knudaheio!

*



Seinare.

Garborg ligg ved Grensa millom Thime- og
Nærbø-Sokno, og Nærbøkyrkja er meg mest likso kjend som
Soknekyrkja mi eigi. Igaar var det Sundag og godt
Vér; og so fekk eg Hüg til aa sjaa att Nærbøkyrkja.

Det bar „Bakkane" ned-yvi, sunnan- og ovanum
Tunheim og Risa og Garborg og Gausland, høgt yvi
Jær-Flata med Utsyn vidt yvi Land og Hav, i skiftande
Minne og Draumar.

Ved Risa-Aano støvda eg. Det som enno er att av
Risa-Skogen helsa eg paa; „Skogen" hans Sven
Garborg helsa eg like eins paa, endaa Skogen no berre
er dei Stein-Urdine der han vaks ein Gong. Men her
gjekk me i Barndoms Dagar og henta Bær, eg og dei
andre Garborgs-Borni; so eg hev meir enn eit
Sol-minne fraa Stein-Røysine heran.

Øvst upp-i denne trelause Skogen sette eg meg paa
ein Stein. Og saag ned-yvi all Steinen og tenkte paa
oss Smaatassane og Smaatussune som krabba um i
Bærtuvune her paa slike vene Sundagar fyrr i Verdi.

Aano: Aai. — heran (jærsk): her.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0310.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free