Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
KN UDA HEI BREV
303
Den Gongen var det elles Hatlerunnar her og der til
aa live seg under, um Soli vart for strid; no er
Hatle-runnane au burte. Og me med. Spreidde yvi tri
Heimar: Gamleheimen, Nyeheimen og hin Heimen.
Eg ruslar i Veg yvi Gauslands- og
Gudmest(ad)-Høgdir; ser ned-yvi til han Gabriel paa Bergj’e og til
han „Sand Gausland", ein Stavanger-Kaupmann som
det var gjengi ut med, og som sidan sat her framand
all si Tid, og til Gauslands-Garden, der serleg ho Ester
livnar upp for Minne mitt, Dotter hennar gamle Torgerd
(„Torjer"). Det var noko gamalt Jæren som her stakk
seg fram, men som eg aldri rett fekk Greide paa.
Noko utanfor Gausland stend Malhaugane. Her henta
me Mikkjelsbær og Hønsabær, naar me stundom um
Sundagane gjekk til Faster Bø; det var so fint paa
Malhaugane. So fritt og lett og vidsynt. Og Haugane
var dei største me hadde her ikring, endaa der er
Haugar mest all Stad. Sjølvsagt hadde me ingin Draum
um kva Slags Haugar det var; eg tok det helst for
Huldrehaugar.
Aa, all den gamle Hovding-Sogo som ligg her
ned-gravi og gløymd fram-etter Strendane og langt upp-etter
Heidane! Folke gjekk og sveiv um desse Stor-Minni
Hundradaar etter Hundradaar og gløymde fyrst Namni
og sidan alt. Det einaste var um det kunde vera noko
nedgravi der, Gull eller slikt; og no veit dei at der
kann vera eitt og anna aa finne. So fer det daa
Svenskar og danske eller norske Danskar ifraa Bergen hit
stundom og hjelper til og „finn".
I Dag er det elles som eg ikkje rett kjenner
Malhaugane att; den eine av deim hev vorti so litin. So
avkuva. Han kryp ihop; kjem mest burt. Dei hev
vel vori ute og nasa her med. Skjemt og skamfari
den gamle Hovdinggravi, og so lati ho liggje. „Æra
Far din og Mor di, at det kann gange deg vel . . ."
Naah. Det kann vel ikkje vera det heller. Dei hadde
Hatl: Hasl.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>