Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
KN UDA HEI BREV
313
Dei segjer Harald Haarfagre samla Norig. Det er
Lygn, Farr. Dei 31 Smaariki ligg skilde no som fraa
Ævors Tid. Skilde og i Ufred. Der er Hérferdir i
Bladi jamt, og fast Ufred i Stortinge heile Vinteren.
Strid og Hoggskifte um Eignir og Gods. Fær eg det,
so skal du faa det, segjer Rike til Rike. Og so rivst
dei um dette, og um kven som skal faa fyrst.
Etterkvart fær kvart Rike det kvart Rike kunde slaa til seg;
men Norig kann ingin tenkje paa. Det sig ned i
Skuld. Vaarherre veit; det er visst godt og vel
halvtredje hundrad Millionar Jødane no rentesugar oss fyri.
Fylkeførarar hev me, og stundom Folkeførarar; men
Riksstyrarar . . . kvar skulde ein femhundradaars
Provins taka Statsmennar ifraa? Nokon Statsmannsskule
som den andre Folk hev i sine Styreverk for
Utan-riksstelle hev me kje heller. Og det er med
Lands-styring som med alt: ein maa hava Gaavur til Arbeide,
og ein maa ha lært det. Me gjeng her sjølvlærde og
halvlærde.
So driv me paa og styrer Skuta, til Skuta gjeng i
Aakeren. Her um Dagen var eg nedpaa Bryne; der
raaka eg ein Kjenning fraa eldre Tid; han driv
Sakførsle no, og visst eit Grand Riksstell med. Han meinte
at Skuta stod snart i Aakeren. Kva skal me gjera med
det? spurde eg. „Jaabæk maa upp att," svara han.
„Me maa spara!"
Spara, ja. Eg spurde kva me skulde spara paa; all
Stad tykkjer Folk at dei hev fengi for lite.
Han kremta. Sagde so noko um Embættslønine.
Eg meinte at Embættslønine er det einaste i dette
Lande som me ikkje kann spara paa. Dei stend fast,
dei. „Det er liksom Kaar paa Garden det; me kann
av vaar Godvilje auke Kaare; men minke det kann
me ikkje."
Han fomlar eit Bil. So segjer han at me fær spara
paa Utgiftine til Forsvare; det hev den og den gode
Mannen sagt.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>